Lys og samtalar på kjøpesenter

I heile landet blir allehelgen markert i kyrkjene våre. Nokre stader nytter ein høvet til å dele ut lys til forbipasserande. Dette har dei gode erfaringar med i Øygarden.

Diakon Astrid Fylling deler ut lys på Sartor Storsenter dagen før allehelgensdag. Foto: Yngvild Mørner Sørheim

- Det er allehelgen i morgon, veit du kva det er?

- Har du nokon du minnest, nokon du saknar?

Med slike spørsmål innleier diakon Astrid Fylling samtalar på kjøpesenteret Sartor Storsenter laurdagen før allehelgensdag. Samstundes deler ho og fleire medarbeidarar ut gratis lys og sorgbrosjyrer til dei som ønsker det. Øygarden er ein stor kommune, så heile 750 lys blir delte ut på éin dag på fire ulike senter i kommunen. Rundt 300 av dei blir delte ut på Sartor Storsenter, det største kjøpesenteret i regionen. På førehand har diakonane gjort klar alle lysa i lyshaldarar i papp som dei har fått frå bispekontoret.

– Når vi fester lysa i papphaldaran, har vi alltid teiprullen klar, tipsar Fylling, – for lyshaldarane rivnar dessverre lett.

Kvitt lys i lyshaldar av papp

Kyrkja i Øygarden har søkt om løyve frå senterleiinga til å dele ut lys, og opplever stor velvilje til dette. På alle sentera er ein diakon med på utdelinga, saman med ein prest eller frivillige. Så lenge dei har lys å dele ut, blir dei verande på senteret. Astrid Fylling fortel at ho har fått mange gode minne frå møter med folk på Sartor.

 

Gode samtalar

– Nokre takkar nei, andre blir glade og seier ‘Det var fint! Tusen takk!’. Ei dame sa ho ikkje trudde på Gud, og eg svara at det er greitt, men du kan få tenne eit lys for nokon likevel. Det gjorde henne glad.

Fylling seier ein må vere open og var for korleis menneske svarer. Det kan bli fine samtalar med tilfeldige menneske om ein er open for det.

Når dei deler ut lys, stiller prestane og diakonane i skjorte med snipp. Dei frivillige har t-skjorter med Øygarden kyrkjelege fellesråd på, og på standen er det roll up frå den lokale kyrkja. Slik blir det tydeleg kvar dei kjem frå. På standen er det og eit bord med kvit duk som gir rom for stille og ro.

– Det er veldig fint å få møte folk, og det er fint å få dele ut noko gratis, seier Fylling.

 

Sorgseminar og allehelgensgudsteneste

Lysutdeling på kjøpesenter er ein av fleire markeringar knytt til allehelgen i Øygarden. Alle nære pårørande til dei som har gått bort det siste året, får invitasjon til sorgseminar og allehelgensgudsteneste. Sorgseminar har dei alltid nest siste torsdag i oktober. I år er dette i Foldnes kyrkje der tre frå kyrkjelyden vil dele tre ulike historier om å leve med sorg. Dette handlar ikkje berre om å miste nokon nær, men og om å leve med rus og om livssorg når livet ikkje blei slik ein skulle ønske.

Ramma dei har fått til på allehelgensgudstenestene er diakonen svært nøgd med. Ho fortel at dei har fått tak i skiferheller til alle kyrkjene. Desse er plassert sentralt i kyrkjerommet, litt på skrå slik at alle ser, og på desse blir eitt og eitt tend lys stilt opp medan presten les opp namna på dei avdøde. På førehand er lysa telde opp slik at ein veit korleis dei skal plasserast for til slutt å forme ein kross.

– Det at presten og diakonen står heilt stilt i ro medan dette skjer, trur eg er veldig viktig for den stemninga det blir, seier Fylling.
– Det blir heilt stille i rommet, all merksemd er på lysa og på namna som blir leste opp. Det er magisk! 

Ho fortel og at når lysa er stilt slik at alle ser, og når det er så tydeleg kva namn som er knytt til kvart lys, er det mange som vel å tenne lyset frå flammen i "sitt" lys i krossen når dei seinare skal tenne lys i lysgloben.

Markeringa av allehelgen med sorgseminar, gudstenester og lysutdeling er gode tradisjonar som Astrid Fylling set stor pris på. Ho har og eit tips til dei som vil dele ut lys: Ha ein post i budsjettet til innkjøp av stearinlys! 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"