Ber for fred kvar veke: – Kjenner på uro

Alle landets domkyrkjer inviterer til fredsbøn kvar veke fram til påske. I Bergen domkyrkje er det kvardagsmesse med fredsbøn fredager kl. 13.00.

Domkyrkjene inviterer til fredsbøn. Foto: Bo Mathisen|Den norske kyrkja

Fredsbøn i Bergen domkyrkje fredager kl. 13.00

– Vi lever i ei urolig tid, der usikkerhet og redsle er blitt ein del av vår kvardag. Og det trur eg er noko vi må leve med ei stund, fordi det er uro i Europa og Midtausten. I ein slik situasjon så er det å vere saman, tenne lys og be ei bøn kjempeviktig. Vi markerer at kyrkja er bygd på ein fredsbodskap, seier domprost Gudmund Waaler i Bergen. 

Han seier at han kjenner på ei djup uro over situasjonen i verda.

Kvar veke fram til påske vil domkyrkjer over heile landet invitere til å komme saman for å finne ro, for å tenne lys og for å be ei bøn for fred, etter initiativ frå domprost i Oslo Pål Kristian Balstad. 

I Bergen domkyrkje blir det kvardagsmesse med fredsbøn kvar fredag klokka 13. Alle er velkome dit.  Sokneprest i Bergen domkyrkje, Hans Jørgen Morvik, rosar initiativet med ei felles fredsbøn over heile landet. 

– Vi er med – både fordi det er eit felles prosjekt som vi støttar, og fordi vi gjennom medlemskapet i Community of the Cross of Nails har eit spesielt ansvar for å be om fred og forsoning. 

Community of the Cross of Nails er eit verdsvidt nettverk for kyrkjer frå Coventry i Storbritannia, og Bergen domkyrkje er einaste kyrkje i Norden som er med.

– Frå før av les vi forsoningslitaniet fra Coventry kvar fredag på vår faste kvardagsmesse kl. 13.00 i Skrudhuset. No i fastetida vil vi integrere fredsbøna i denne messa, fortel soknepresten.

Finn oversikt over dei ulike arrangementa på skjerikirken.no.  

Denne artikkelen var først publisert på Bergen domkirke menighet si nettside.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"