Bispedømerådet med mange prestetilsettingar

Bjørgvin bispedømeråd tilsette i møte 3. oktober 10 prestar, halvparten av dei var prest under utdanning. Ein diakon vart tilsett i ei prestestilling i Høyanger for tre år.

Bergen fengsel er blant dei som har fått ny prest. Foto frå kapellet i Bergen fengsel: Liv Mildrid Gjernes / Kirkebyggdatabasen

Prestestillingar

Desse vart tilsett og har teke mot stillingar som prest:

Sokneprest i Bergensdalen prosti med Årstad sokn som tenestestad: Anna Bæckström Hovda

Sokneprest i Vesthordland prosti med Erdal sokn som tenestestad: Kristin Hjertaker

Fengselsprest i Bergen fengsel: Marte Birkeland Åsen

Kapellan i Bergen domprosti med Loddefjord sokn som tenestestad: Gunnar Eldevik

Sokneprest i Sunnhordland prosti med Nysæter sokn som tenestestad: Fríðleif Lydersen

Prest under utdanning i Nordfjord prosti med sokna Selje, Leikanger og Ervik som tenestestad: Synnøve Aaberg

Prest under utdanning i Bergensdalen prosti med Fyllingsdalen sokn som tenestestad: Christian Dossou Nonvidé

Prest under utdanning i Fana prosti med Austevoll sokn som tenestestad: Tor Håkon Eiken

Prest under utdanning i Fana prosti med Fana sokn som tenestestad: Trygve Nesse

Prest under utdanning i Nordhordland prosti med Radøy sokn som tenestestad: Bjørn Dalsgård Nygård.

For stillingane som prest under utdanning gjeld bl.a. atterhald om at søkjarane vert godkjende for ordinasjon etter at studietida er over og at biskopen finn vedkomande skikka til presteteneste.

Forsøksprosjekt med diakon i prestestilling i Høyanger

Bjørgvin bispedømeråd tilset diakon Inger Cecile Fitje i ei treårig prosjektstilling i Høyanger. Stillinga er ei midlertidig omgjering av ei av prestestillingane i prostiet og ho vil gjera ein del prestetenester.

Samordning av diakonistillingar i Alver

Bispedømerådet har godkjent at Alver kyrkjelege fellesråd i tre år framover kan samordne diakoniressursane (to stillingar) som er tildelt frå bispedømerådet innanfor ramma av tildelinga.

Sakliste

48/23 Godkjenning av innkalling og sakliste

49/23 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 13.06.2023

50/23 Bjørgvin bispedømeråd - forsøksprosjekt med diakon i prestestilling i Høyanger

51/23 Bjørgvin bispedømeråd - Søknad om samordning av bispedømmet sin støtte til diakonistillinger i Alver KF

52/23 Bjørgvin bispedømeråd - Økonomirapport 1. halvår

Tilsettingssaker

53/23 Tilsetting av sokneprest i Bergensdalen prosti med Årstad sokn som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg, jf  Offl. § 25 første ledd

54/23 Tilsetting av sokneprest i Vesthordland prosti med Erdal sokn som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg

55/23 Tilsetting av fengselsprest i Bergen fengsel - Behandling i møte ikkje offentleg

56/23 Tilsetting av kapellan i Bergen domprosti med Loddefjord sokn som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg

57/23 Tilsetting av sokneprest i Sunnhordland prosti med Nysæter sokn som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg

58/23 Tilsetting av prest under utdanning i Nordfjord prosti med sokna Selje, Leikanger og Ervik som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg

59/23 Tilsetting av prest under utdanning i Bergensdalen prosti med Fyllingsdalen sokn som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg

60/23 Tilsetting av prest under utdanning i Fana prosti med Austevoll sokn som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg

61/23 Tilsetting av prest under utdanning i Fana prosti med Fana sokn som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg

62/23 Tilsetting av prest under utdanning i Nordhordland prosti med Radøy sokn som tenestestad - Behandling i møte ikkje offentleg

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"