Siste møte for utgåande bispedømeråd

Bjørgvin bispedømeråd var samla til sitt siste møte 6. desember før nytt råd trer i funksjon frå 2024. I dette møtet gjorde rådet den siste tilsettinga etter gamal ordning, frå neste år vil eit tilsetjingsråd stå for tilsetjingar av prestar.

Bispedømerådet for perioden 2020 til 2023 samla til sitt siste møte.

Prestestillingar

Bjørgvin bispedømeråd tilsette Marte Håberg Ottesen som sokneprest i Fana prosti med Skjold sokn som tenestestad.
Bjørgvin bispedømeråd endrar stillinga som sokneprest i Laksevåg og lyser den ut som kapellan for både Laksevåg og Nygård sokn. Sokneprest i Nygård blir lyst ut som sokneprest for begge sokna.

Namn på nytt sokn Ølve og Hatlestrand

Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om at det nye soknet som frå 1. januar 2024 omfattar dei to sokna Ølve og Hatlestrand i Kvinnherad, skal ha namnet Ølve og Hatlestrand sokn.

Årsplan og budsjett

Bjørgvin bispedømeråd har diskutert utkast til Årsplan for 2024 og innspel frå samtalen blir tatt med i det vidare arbeidet. Rådet har også drøfta budsjettet.
Bjørgvin bispedømeråd støttar administrasjonen i at det er rett å sjå på langsiktige tiltak som sikrar økonomisk berekraft. Endeleg budsjett for 2024 blir lagt fram i balanse til bispedømerådet til møtet i februar 24. Bispedømerådet vil vere involvert i korleis ressursene blir fordelte langsiktig før ein gjer vedtak.

Oppnemningar

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner Per Hilleren som medlem i representantskapet i Kirkens Nødhjelp. Vara Turid Fjose.
Bjørgvin bispedømeråd oppnemner Rune Johan Skjælaaen som styremedlem i Bergen Kirkelige Dialogsenter
Bjørgvin bispedømmeråd oppnemner som styremedlemmer i Bjørgvin familievernkontor for fire år:
1.    Brynhild Eide  med personlig vara: Anine Mildestvedt
2.    Aasta Årøen  med personlig vara: Benedicte Bergtun

Sakliste

64/23 Godkjenning av saksliste Bjørgvin bispedømeråd 06.12.2023
65/23 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 03.10.2023
66/23 Endring av prestestilling i Laksevåg og Nygård sokn
67/23 Årsplan 2024    
68/23 Budsjett 2024    
69/23 Høring tilskuddforvaltning
70/23 Høyring Instruks for Kyrkjerådet    
71/23 Bjørgvin bispedømeråd - oppnemning Kirkens Nødhjelps Representantskap
72/23 Bjørgvin bispedømeråd oppnemner styremedlem i Bergen Kirkelige Dialogsenter    
73/23 Bjørgvin Familevernkontor oppnemning styremedlemmer
74/23 Bjørgvin bispedømeråd - Namn på nytt sokn for Ølve og Hatlestrand
75/23 Høyring om klagesaksbehandling for kyrkjebygg    
76/23 Tilsetting av sokneprest i Fana prosti med Skjold sokn som tenestestad

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"