Første bispedømerådsmøte med biskop Ragnhild

Bjørgvin bispedømeråd var 9. mai 2023 samla til første møte der den nye biskopen var med. I dette møtet vart det tilsett ein prest under utdanning og bispedømerådet gjorde vedtak om høyringssvar for ny "Plan for kirkelig undervisning og læring".

Biskopen var med på sitt første møte i bispedømerådet. Ho er den einaste av medlemene som har fast plass, dei andre medlemene skal veljast i samband med kyrkjevalet 11. september.

Prest under utdanning

Bispedømerådet har fått ein søkjar til stillinga som sokneprest i Sogn prosti med sokna Stedje og Fjærland som tenestestad. Søkjaren er under utdanning til å bli prest, og bispedømerådet gjorde difor stillinga mellombels om til ei «prest under utdanning»-stilling. Vedtaket vert gjort med atterhald om at det er Astrid Bondevik som blir tilsett i stillinga.

Det er og ei føresetnad at den som vert tilsett må levera attest frå utdanningsstaden og ein studieplan som viser at vedkommande vil kunne fullføra eit studieløp slik det er føresett i PUU (prest under utdanning) - ordninga.

Bispedømerådet vil behalda "trusopplæringa"

Bjørgvin biskop og bispedømeråd vedtok høyringssvar om ny plan for kyrkjeleg undervising og læring.  I innleiinga, skriv dei at «dei er positive til at ein ser på trusopplæringa i den norske kyrkja med nye auge og ser det i ein større samanheng med kyrkjeleg undervisning og livslang læring. Vi ønskjer likevel å behalde dagens ordning og praksis med trusopplæring, basert på dokumentet “Gud gir vi deler”, og behalda det godt innarbeidde namnet “Trusopplæring” men med aldersjustering slik at det gjeld for 0-15 år.

Vi ønskjer at omgrepet “Kyrkjeleg undervisning” vert etablert for undervisning etter konfirmantalder. Vi synes at namnet skal vera “Trusopplæring og kyrkjeleg undervisning.»

Sjå lenke nedst på sida til Bjørgvin bispedømeråd sitt høyringssvar til plan for kyrkjeleg undevising og læring

Sakliste

32/23  Godkjenning av innkalling og sakliste

33/23 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 28.03.2023

34/23 Tilsetting av sokneprest i Sogn prosti - sokna Stedje og Fjærland - Handsaming i møte ikkje offentleg, jf.  Offl. § 25 første ledd

35/23 Høyringssvar frå Bjørgvin - Ny plan for kirkelig undervisning og læring

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"