Bjørgvin bispedømeråd 2020 – 2023

Det nye bispedømerådet 2020 – 2023 i Bjørgvin er no klart. Rådet vil bestå av fem kvinner og fem menn og har representantar frå dei tre vallistene Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Open folkekyrkje. Rådet vil starte si funksjonstid frå 1. januar 2020.

Det nye bispedømerådet i Bjørgvin. Oppe frå venstre: Nora Sætre Baartveit, Turid Fjose, Astrid Fylling, Per Hilleren, Karl Johan Kirkebø, Oddny Irene Miljeteig, Halvor Nordhaug, Kjersti Gautestad Norheim, Stein Oltedal, Vemund Atle Øiestad.

Bispedømerådet 2020 – 2023 får denne samansetjinga:

Medlemer - leke
Nora Sætre Baartvedt, f. 1994, teologistudent, Voss. Open folkekyrkje
Per Hilleren, f. 1959, bonde, Stedje. Nominasjonskomiteens liste
Stein Oltedal, f. 1952, pensjonert prest, Naustdal. Bønnelista
Karl Johan Kirkebø, f. 1950, pensjonist, Bergen. Open folkekyrkje
Turid Fjose, f. 1969, overlege, Voss. Nominasjonskomiteens liste
Oddny Irene Miljeteig, f. 1954, komitéleiar, Bergen. Open folkekyrkje
Vemund Atle Øiestad, f. 1948, pensjonist, Nordsida i Nordfjord. Nominasjonskomiteens liste

Medlem – prest
Kjersti Gautestad Norheim, f. 1974, sokneprest i Birkeland.

Medlem – lek kyrkjeleg tilsett
Astrid Fylling, f. 1958, diakon i Løvstakksiden.

Biskopen er fast medlem
Halvor Nordhaug, f. 1953

Medlemene i bispedømerådet møter også i det årlege Kyrkjemøtet, som i 2020 blir 22. – 27. april i Trondheim.

Varamedlemer
Runar Larsen, f. 1997, student, Sveio. (1. vara Open folkekyrkje)
Marit Melvær Berge, f. 1952, pensjonist, Florø. (2. vara Open folkekyrkje)
Christian Emil Haugen, f. 1990, student, Bergen. (3. vara Open folkekyrkje)
Åse Kongsvik, f. 1962, rettleiar, Leikanger. (4. vara Open folkekyrkje)

Daniel Kydland, f. 1997, student, Knarvik. (1. vara Nominasjonskomiteens liste)
Ingrid Grimstad, f. 2000, student, Stord. (2. vara Nominasjonskomiteens liste)
Mali Smemo Hjemdal, f. 1973, rådgiver, Etne. (3. vara Nominasjonskomiteens liste)
Gerhard August Hansen, f. 1951, pensjonist, Os. (4. vara Nominasjonskomiteens liste)

Solaug Anita Apelthun Sæle, f. 1951, økonomisjef, Fjell. (1. vara Bønnelista)
John Eivind Warvik, f. 1994, pioner/tømrer, Ortnevik. (2. vara Bønnelista)

Kjersti Brakestad Boge, f. 1973, sokneprest i Kvinnherad. (1. vara for prestane)
Tor Martin Koppang, f. 1959, sokneprest i Biskopshavn. (2. vara for prestane)

Beate Nes, f. 1979, kateket i Stryn. (1. vara for lek kyrkjeleg tilsette)
Berit Bakke, f. 1963, områdeleder i Bergen kirkelige fellesråd. (2. vara for lek kyrkjeleg tilsette)

Fordeling av stemmer på dei ulike listene

Bønnelista - 5462 stemmer - 15,1 prosent

Nominasjonskomiteens liste - 14250 stemmer - 39,5 prosent

Open folkekyrkje - 15421 stemmer - 42,7 prosent

Blanke stemmesetlar - 980 stemmer - 2,7 prosent

Valoppslutning

Førebels tal frå Medlemsregisteret for Den norske kyrkja viser at 44481 personar stemte ved kyrkjevalet i Bjørgvin 2019, anten dei stemte ved begge vala eller berre ved val på sokneråd eller bispedømeråd.

389 881 medlemer hadde stemmerett, noko som gjev ei oppslutning på  11,4 %.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"