Bispedømerådet med to møte i september

Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte 3. september. På slutten av møte, hadde dei samtale med prostane og representantar for ungdomsrådet. Den 30. september blir det nytt møte.

Representantar for ungdomsrådet og bispedømerådet samla til felles drøfting. Foto: Torfinn Wang.

Bispedømerådet gjorde vedtak om delegasjonsreglement for sitt eige arbeidsutval som er samansett av leiar, nestleiar og biskop.

Betaling for bruk av kyrkja

Bispedømerådet skulle godkjenna rammene for godkjenning av lokale reglar om betaling for bruk av kyrkjene. Så lenge lokalt regelverk ikkje går ut over dei rammene bispedømerådet set for kor mykje ein kan ta i leige når kyrkja blir brukt utanom gudstenester o.l., treng det ikkje særskilt godkjenning i rådet.

Det vart ikkje gjort vedtak om oppdatert regelverk, saka kjem opp att i møte 30. september, saman med søknad om godkjenning av reglar om betaling for bruk av kyrkjene i Etne, fordi ein ønskte ytterlegare utgreiing før vedtak.

Opprettar kapellanstilling i Sædalen

Bispedømerådet har ikkje lenger ansvar for å tilsetja prestar, med unnatak av prostestillingar, men rådet bestemmer kva prestestillingar som kan lysast ut. Ei av prostipreststillingane i Fana prosti vart endra kapellanstilling og skal lysast ut som kapellan i Sædalen. – Det er viktig at utlysingstekst synleggjer at dette også vil være ein ressurs for andre delar av prostiet, dels på gravferd, dels på ungdomssatsing, står det i vedtaket.

Bispedømerådet følgjer med på økonomien, og tok rekneskapsrapport per 13.8.2024 til vitande.

Bjørgvin bispedømeråd har også drøfta korleis ein skal legge til rette for gode møtepunkt med soknets organ.

Møtte ungdomsrådet

På slutten av møtet hadde bispedømerådet ein samtale om å vere kyrkje i byen og om kyrkja og barn og unge. Med på samtalen var nokre av prostane og representantar for ungdomsrådet i Bjørgvin .

Nytt møte

Bispedømerådet møtest ikkje ofte, men allereie den 30. september er det nytt møte. Sjå lenke til saklista nedanfor. 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"