Nye prostar i Sogn og Bergensdalen

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 13. juni tilsett nye prostar i Sogn og Bergensdalen, og sokneprestar på Osterøy og i Ulvik og Granvin.

Sogn har fått ny prost. Foto: Urnes stavkyrkje (AdobeStock/ Kristyna_Schwarzova)

Den nye prosten i Sogn heiter Kjell Olav Høstaker Nordheim. Han kjem frå stilling som sokneprest i Askvoll. Den nye prosten i Bergensdalen heiter Maren Tischendorf. Ho kjem frå stilling som sokneprest i Årstad.

Sokneprestar

Som sokneprest i Åsane prosti med sokna på Osterøy som tenestestad, er Astrid Marie Haugland tilsett. Ho kjem frå stilling som sokneprest i Ask og Herdla sokn på Askøy.

Som sokneprest i Hardanger og Voss prosti med sokna Ulvik og Granvin som tenestestad, er Anne Marthe Ulvik tilsett. Ho kjem frå stilling som sjukehusprest.

Familiekontoret i Nordfjord

Bispedømerådet oppnemnde følgjande styremedlemer til Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord 2023-2027: Anna Karin Wergeland Hansen, Sandane, vara: Magni Aa Berge, Hyen, og Petter Bakke, Nordfjordeid, vara: Lars Helge Hopland, Nordfjordeid

Liturgi for oskeonsdag

Bjørgvin biskop og bispedømeråd vedtok høyringssvar om liturgisk ordning for oskeonsdag med dei merknader som kom fram i møtet. Sjå lenke nedst på sida til høyringssvaret.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"