Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om å endra namnet på Stamnes sokn til Stamnes og Eidsland sokn.
Prest under utdanning
Som ein del av arbeidet med å få nye prestar, finst det no ei ordning med stilling for prest under utdanning. Bispedømerådet både godkjende eit par konkrete utlysingar av slike stillingar og drøfta strategi og rammer for slike utlysingar.
Bjørgvin bispedømeråd gjekk inn for maksimalt åtte heimlar i bispedømet. Prostia i Bergen og Vesthordland får mellom ein og to heimlar, dei andre prostia i Hordaland mellom to og tre , og to til tre samla for prostia i Sogn og Fjordane. Stiftsdirektøren får delegert mynde til å handsama søknadane frå sokna.
Bispedømerådet godkjende konkret utlysing av ei prest under utdanning-stilling i Øystese og Ålvik og at Sunnfjord prosti har rom for ei PUU utlysing, for tida i Askvoll fellesrådsområde. Stiftsdirektør får fullmakt til å endre plassering av PUU stillinga i Sunnfjord prosti ved dialog med prost og etter handsaming frå aktuelle sokn.
Dialogarbeidet
Bjørgvin bispedømeråd har drøfta strategiske vurderingar rundt dialogarbeidet og gjeve arbeidsutvalet fullmakt til å oppnemne kandidatar til styret og redusere det økonomiske bidraget i tråd med saksframlegget.
Ung i kyrkja
Bjørgvin bispedømeråd fekk i følgje protokollen ei grundig og inspirerande orientering om Ung i kyrkja-samarbeidet. Samarbeidet med organisasjonane er framtidsretta og Bjørgvin bispedømeråd vil fortsette det gode samarbeidet i åra som kjem.
Årsrapport
Bjørgvin bispedømeråd fekk orientering og ein nyttig og inspirerande samtale om utviklingstrekk frå statistikkar vist i møtet og frå prostane sine årsmeldingar.
Samlingar for sokneråda
Bjørgvin bispedømeråd har drøfta innhald og program for samlingar med representantar for sokneråda 6. september i Vassenden kyrkje og 27. september i Skjold kyrkje i Bergen. Ein er på leit etter eit godt namn til desse samlingane, og vil vektlegge at det er god tid til samtale og gjensidig inspirasjon og kunnskapsdeling.
Sakliste for møtet
11/25 Godkjenning av innkalling og saksliste
12/25 Godkjenning av protokoll for Bjørgvin bispedømeråd 06.02.2025
13/25 Bjørgvin bispedømeråd - PUU stilling i Hardanger og Voss prosti og sokna Øystese og Ålvik
14/25 Bjørgvin bispedømeråd- søknad om å lyse ut PUU stilling i Askvoll
15/25 Bjørgvin bispedømeråd - strategiske val og fullmakter for PUU stillingar
16/25 Stamnes sokn, Vaksdal - endring av namn
17/25 Bjørgvin bispedømeråd - Oppnemning og strategisk val knytt til dialogarbeidet i bispedømet
18/25 Bjørgvin bispedømeråd - Rekneskap avslutning 2024
19/25 Bjørgvin bispedømeråd - Ung i Kirken samarbeidet 2025
20/25 Bjørgvin bispedømeråd - Løypemelding Årsmeldning 2024
21/25 Bjørgvin bispedømeråd sine samlingar med sokna i september
Orienteringssaker