Ny prost i Sunnhordland

Bjørgvin bispedømeråd tilsette i møte 30. september sokneprest Arild Steinsland som ny prost i Sunnhordland.

Sunnhordland får ny prost. Foto: Stord kyrkje, fotograf Jan Overweg

Den nytilsette prosten har åtte dagar på seg til å svare på tilbodet om stillinga. Steinsland er sokneprest i Førde og Valestrand og vil ta over etter Svein Arne Theodorsen som har vore prost i Sunnhordland sidan 2001.

Mangfaldserklæring

Bispedømerådet vedtok også å ta inn ei mangfaldserklæring i sine utlysingstekstar. Der vil det stå:

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne.  Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Reglar om betaling for bruk av kyrkjene

Bispedømerådet vedtok kva rammer dei skal setja for å godkjenna lokale reglar om betaling for bruk av kyrkjene. Så lenge lokalt regelverk, vedteke av fellesrådet, ikkje går ut over dei rammene bispedømerådet set for kor mykje ein kan ta i leige når kyrkja blir brukt utanom gudstenester o.l., treng det ikkje særskilt godkjenning i bispedømerådet.

Etne kyrkjelege fellesråd fekk også godkjend sine reglar om betaling for bruk av kyrkjene i Etne.

Fana prestegård

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer å gå vidare med å utvikle «Nikodemusgården» i samarbeid med Fana sokneråd og lokal styringsgruppe. Bispedømerådet ønskjer å få saka tilbake når den er nærare utgreidd. Fana prestegård skal først renoverast, noko ein vonar blir gjort til 2026.

Orienteringssaker

Bispedømerådet drøfta deltaking i ulike aksjoner og fredsmarsjar som er aktuelle no. Dei oppmodar i første omgang til å støtta Kirkens nødhjelp sin appell om forbøn for verdssituasjonen, med fokus på Midtausten og Sudan. (Les meir om forbøna her)

Forbøn

Gud, vi ropar til deg i vår naud!
Vi ber for sivilbefolkninga i Midtausten.
Vi ber for alle som er råka i Sudan i den fastlåste krigssituasjonen, alle som svelt, som saknar sine og står utan ein heim. Gud, du ser.
Vern om dei sårbare. Gi håp der fortvilinga er sterkast, gi mot og tryggleik til å gå vidare og kjempe for fridom og fred, gi styrke til aldri å gi opp.
Vi ber for Kirkens Nødhjelp og alle andre som er til stades med hjelp. Ver nær dei som bidreg til at menneske blir sette og får mat og vatn, og som jobbar under vanskelege tilhøve.
Hjelp oss å dele våre ressursar, til å forplikte oss til kjærleik og medkjensle, og til å kjenne att Guds andlet hos kvart einaste menneske som lid. 

Amen 

Sakliste

42/24 Godkjenning av innkalling og saksliste
43/24 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 03.09.2024
44/24 Bruk av mangfaldserklæring i utlysingar
45/24 Bjørgvin bispedømeråd sine reglar om betaling for bruk av kyrkjer - reviderte reglar 2024 - ny behandling
46/24 Etne - betaling for bruk av kyrkjene - ny behanding
47/24 Val av konsept for utvikling av Fana prestegård vidare – behandling i møte ikkje offentleg
48/24 Tilsetting av prost i Sunnhordland – behandling i møte ikkje offentleg

Orienteringssaker

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"