Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådet tilsette prestar, løyvde pengar til diakonstillingar og endra på soknegrenser

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 19. februar tilsett prest i Meland, Uskedal, Bømlo, Fana, Austrheim og Fedje. Det kan bli nye diakonstillingar i Bergen, Gloppen, Meland og Bømlo. Vågsøy sokn blir delt i tre og i Masfjorden blir tre sokn til eitt.

Desse prestane har teke imot stilling:

Spesialprest i Nordhordland prosti med Meland sokn som tenestestad: Håkon Økland Kinsarvik

Sokneprest i Sunnhordland prosti med Uskedal sokn og sokna i Kvinnherad som tenestestad: Stian Helland              

Sokneprest i Sunnhordland prosti med sokna Bømlo, Lykling, Moster og Bremnes som tenestestad: Fridleif Lydersen

Sokneprest i Fana prosti med Fana sokn som tenestestad: Lars Martin Hol

Sokneprest i Nordhordland prosti med Austrheim og Fedje sokn som tenestestad: Rune Minde

 

Fleire diakonar

Den norske kyrkja fekk ved inngangen til 2019 ei ekstra løyving over statsbudsjettet på til saman 14 millionar kroner til diakoni i heile landet. På bakgrunn av denne tildelinga, er Bjørgvin tilført midlar til fleire nye diakonstillingar.

Bispedømerådet gjorde vedtak om tilskot på inntil to gonger kroner 400.000 til Bergen Kirkelige fellesråd (to stillingar), tilskot inntil kroner 200.000 til Gloppen kyrkjelege fellesråd, inntil kroner 200.000 til Meland kyrkjelege fellesråd og inntil kroner 400.000 til Bømlo kyrkjelege fellesråd.

Løyvinga frå bispedømerådet dekkjer 50 prosent av kvar stilling, resten må dekkast lokalt.

Bjørgvin bispedømeråd føreset at unytta diakonimidlar blir brukte til finansiering av diakon i St Jakob Ung katedral, prosjekt i Stryn og andre aktuelle prosjekt i bispedømmet.

 

Endringar i soknegrenser

Vågsøy

Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om at Vågsøy sokn blir delt i tre sokn, Nord-Vågsøy og  Sør-Vågsøy  i nye Kinn kommune og Totland i nye Stad kommune.

* Totland sokn vil dekkja grunnkrinsane Maurstad, Bryggja og Totland.

* Nord- Vågsøy sokn vil dekkja grunnkrinsane Silda, Halsør, Vedvik, Kvalheim, Refvik, Røysa, Raudeberg og Kapellneset.

* Sør-Vågsøy dekkjer resten av grunnkrinsane i noverande Vågsøy kommune.

Dei nye sokna vert oppretta med verknad frå 1. januar 2020. Soknerådsvalet blir gjennomført som om inndelingsendringa allereie har trådd i kraft.

Masfjorden

Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om å slå saman sokna Frøyset, Sandnes og Solheim til Masfjorden sokn.

Det nye soknet vert oppretta med verknad frå 1. januar 2020. Soknerådsvalet blir gjennomført som om inndelingsendringa allereie har trådd i kraft.

Justering av bispedømegrensa mellom Bjørgvin og Møre

Bjørgvin bispedøme går inn for at grensa mellom Bjørgvin og Møre bispedøme fylgjer den nye fylkesgrensa mellom Vestland fylke og Møre fylke slik at Hornindal sokn vert ein del av Møre bispedøme. Ein går inn for at prostigrensa vert endra tilsvarande slik at Hornindal sokn går frå å tilhøyra Nordfjord prosti i Bjørgvin til Søre Sunnmøre prosti i Møre.

Andre saker - sjå protokollen (nedst på sida)