Fagdag for kyrkjemusikarar

Torsdag 24. september 2020 ønskjer Bjørgvin bispedøme i samarbeid med Bergen kirkeautunnale velkomen til fagdag for kyrkjemusikarar. Årets tema er Bedehus - ei ny tid for dei små forsamlingar.

BEDEHUS – ei ny tid for dei små forsamlingar
I samarbeid med Bergen kirkeautunnale. Støtta av KA.

Tid: Torsdag 24. september kl. 10 – 15.30      
Stad: Bergen - Centralkirken v. Fløibanen
Pris: 500 kr
Påmelding: Frå 10. august via https://kirken.no/bjorgvin/

NB! Begrensa tal på deltakarar.

 

Program

Kl. 10: Kyrkjemusikken – må vi kjempe for plassen vår?
Nestleiar i CREO – fagforeninga for kyrkjemusikarar, Anders Hovind, fortel om kampen for å få kyrkjemusikken tilbake i teksten for ny lov om tru- og livssynssamfunn. Han vil og innleie om både utfordringar og moglegheiter for kyrkjemusikarane i vår nye digitale kyrkjekvardag.

Kl. 11: Kyrkjemusikk på nett 
Kompetente kollegaer deler kunnskap og erfaringar

Kl. 12: Lunsj

Kl. 13: Erfaringsdeling frå Korona-tida
Vi inviterer deg til å sende inn digitalt materiale (bilde, video, lyd) til felles visning. Meld frå i påmeldinga om du vil kome med eit innlegg her.

Kl. 14: Ny gudstenesteordning
Prost Svein Arne Theodorsen, leiar av Nemnd for gudstenesteliv i Den norske kyrkje, innleier til samtale om innhald i og implementering av ny gudstenesteordning. 

Kl. 15:  Kyrkjeleg Kultursenter Vest
Karl Johan Kirkebø, leiar av arbeidsgruppa, og Lars Kristian Stendahl Gjervik, medlem av arbeidsgruppa og sjef for Menighetsavdelinga i BKF, orienterer.

Kl. 15:30 – 16  Ope

Dagen vil bli krydra med songar frå bedehustradisjonen, med tonefylgje frå trøorgel.

Ver varmt velkomen til ein inspirerande fagdag i spennet mellom bedehus og nettkyrkje!

 

Kyrkjemusikkutvalet i Bjørgvin bispedøme:
Kjetil Almenning, domkantor, leiar
Solveig Sørheim, kantor i Etne
Øystein Lund Olafsen, kantor på Bømlo
Ragna Sofie Grung Moe, seniorrådgjevar – kultur

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"