I 2024 blei det samla inn 35 millionar kroner i fasteaksjonen. Dette er svært viktige middel for å redde liv og skape endring i alle land der Kirkens Nødhjelp jobbar på oppdrag frå kyrkjene i Noreg. Dei aller fleste kyrkjene våre er med på fasteaksjonen, der særleg konfirmantane speler ei viktig rolle. Dei er med som bøsseberarar eller dei samlar inn pengar på annan måte.
Gode tips på nettsidene
Stadig fleire har oppdaga at fasteaksjonen og er noko som kan engasjere heile kyrkjelyden, både born, ungdom, vaksne og eldre. På fasteaksjonen.no er dei ei eiga side for materiell til kyrkjelydar der ein kan finne gode tips til gudstenester, konsertar, arbeid med born og mykje anna. Trykk på knappen under for å kome til denne sida:
Kontakt lokalpresse
Fasteaksjonen er eit godt høve til å gjere kyrkja synleg i lokalmiljøet. I 2024 var det mange som fekk oppslag i sine lokalaviser. Mellom anna førte kontakt med avisa Sunnhordland til at det kom eit flott forsideoppslag om rekordmange kyrkjelege konfirmantar på Stord.
Før du tar kontakt med pressa, er det lurt å tenke på om det er fleire kyrkjer i nedslagsfeltet, og høyre med dei og om dei har noko å melde.
Nedst på sida, under dokument, finn du ei pdf-fil med tips til kontakt med lokale medium. Under lenker finn du og ei lenke til avisa Hardanger Folkeblad der det allereie har vore eit flott oppslag om fasteaksjonen i Ullensvang.
Regnbogebøner
Regnbogebøn er eit pedagogisk materiell som Kirkens Nødhjelp har utvikla til bruk i fastetida. Kvar veke frå fastelavnssundag/oskeonsdag og fram til palmesundag kan ein tenne eitt nytt lys, lese ei bøn, synge eit vers av fastesangen "Se, mørket vinner aldri over lyset" og lese informasjonen som høyrer til biletet. Når fastetida er slutt, lyser heile regnbogen, eit teikn på håp og at ei ny byrjing alltid er mogleg. Opplegget kan ein tilpasse til bruk i gudstenester, andakter, korøvingar, samlingar for born og der det passar.
På sida for regnbogebøner kan du lese meir om kvifor regnbogen er brukt som symbol i fastetida, og du finn bilete og videoar du kan dele i sosiale medium:
Kontaktinfo regionkoordinator Vestland
Vår regionkoordinator, Geir Endre Kristoffersen, er i desse dagar rundtom på besøk i mange kyrkjer i bispedømet vårt for å inspirere til ein god aksjon. Har du spørsmål om fasteaksjonen, kan du kontakte han på e-post: