Folk strøymde til kyrkjene i jula

Kyrkjene i Bjørgvin bispedøme opplevde i jula ei stor tilstrøyming til gudstenestene. Nokon stader opplevde ein over 30 prosent auka besøk på julaftan frå 2023 til 2024.

Mange ville feira jul i kyrkjene, det var auka oppmøte mange stader i Bjørgvin på julaftan 2024. Illustrasjonsfoto: Den norske kyrkja/Ellevill

Den kyrkjelege årsstatistikken er ikkje klar, men innsamla besøkstal frå nokre av prostia i bispedømet viser ein tydeleg trend med auka besøk. Sidan det ikkje er samla inn tal for alle sokn, skal ein vera varsam med tala, men for Sunnhordland ser det ut til å vera ein samla auke på 18 prosent.  Lykling kyrkje på Bømlo hadde heile 298 personar innanfor dørane på julaftan, det er ein auke på 58 prosent i høve til året før. Kyrkjene på Stord hadde om lag 30 prosent fleire på dei fleste av gudstenestene.

I Nordhordland er det meldt om ein samla oppgang på 16 prosent i frammøtet, men det er berre to av sokna i prostiet som har fleire i kyrkja på julaftan no enn i 2019, året før pandemien. 

I Vesthordland noterte ein seg 14 prosent auke på julaftan.

I Sogn prosti er det ein samla auke på om lag 11 prosent (oppdaterte tal pr. 29. januar). Koordinerande sokneprest i Sogndal, Vegard Bondevik Lie, har uttalt til media at eit raskt overslag over oppmøteregistrering på hendingar i kyrkjene i Sogndal kommune siste månaden i 2024 syner at om lag 6500 menneske har vore innom kyrkjedørene i Sogndal i desember. – Difor kan me seie at litt over halvparten av innbyggjarane i kommunen har vore til kyrkje i julemånaden. Tala er frå gudstenester, konsertar, gravferder og andre samlingar. Dette er naturleg nok ikkje snittet for kvar månad gjennom heile året, men likevel eit tydleg signal om at kyrkja har ein sentral plass i samfunnet, seier soknepresten.

I Fana prosti vart heilt nye Sædalen kirke fylt nesten heilt opp tre gonger med til saman over 1.000 deltakrar på to familiegudstenester  med kor og drama  og ei høgtidsgudsteneste. – Dette er minst ei dobling frå tidlegare år, som viser at medlemene i folkekyrkja strøymer til den nye kyrkja, seier sokneprest Kjersti Gautestad Norheim i Birkeland sokn der kyrkja ligg. I Birkeland kirke var det fire gudstenester, to der folk måtte stå og to med berre ein benk ledig. I tillegg julenattsgudsteneste med 100 i kyrkja og to sjukeheimsgudstenester.

Endelege tal for oppmøte og deltaking i heile jula og resten av året blir offentlege når Statistisk sentralbyrå kunngjer kyrkjeleg statistikk. Vanlegvis kjem førebelse tal i midten av mars, endelege tal i midten av juni.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"