Målet for konferansen er å informere om Kirkebevaringsprogrammet, utforske potensialet i det og leggje grunnlag for samarbeid.
Stad: Korskirken, Mariakirken og Bergen domkirke
Målgruppe for konferansen er politikarar i kommunar og kyrkjelege fellesråd, kyrkjeeigarar, kompetansemiljø innan tradisjonshandverk, museum, fagskular, vidareutdanning, handverkslaug, m.m. i Vestland.
På den første dagen av konferansen får ein møta styreleiar for Kirkebevaringsprogrammet, preses Olav Fykse Tveit, sentrale politikarar frå fylke, bispedøme og kommunar. Dagleg leiar Oddbjørn Eide med kollegaer presenterer innhald og formål med Kirkebevaringsprogrammet. Dagen blir avslutta med pilegrimsvandring, tidebønn og felles middag i Korskirken.
Dag 2 tek utgangspunkt i presentasjon av aktuelle prosjekt og opnar for spørsmål og diskusjon. Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune, er vertskap for denne økta. Fagfolk frå Kirkebevaringsprogrammet, seksjon for kulturarv i Vestland fylkeskommune og Akasia/Bergen kirkelige fellesråd utmeislar saman programmet for denne dagen.
Detaljert program og informasjon om påmelding vert lagt ut på Vestland fylkeskommune sine nettsider etter nyttår.
Koordinator: Kyrkjekultur Vest AS