Listeforslaget er levert til valrådet i Bjørgvin bispedøme.
Open folkekyrkje har pensjonist Karl Johan Kirkebø frå Bergen på førsteplass. Du finn lenke til heile lista nedst på sida.
Valrådet i Bjørgvin skal godkjenna denne lista og andre lister innan 30. april.
I Bjørgvin bispedømeråd er det 10 medlemer. Sju av medlemene er leke - valde av og blant medlemer i Den norske kyrkja. Det er ein prest, vald av prestane i bispedømet, og ein lek kyrkjeleg tilsett, vald av dei lek kyrkjeleg tilsette i fellesrådsområda. Dessutan er biskopen fast medlem av rådet.