Listeforslag frå Frimodig kyrkje

Nomineringsgruppa Frimodig kyrkje har levert inn listeforslag til kyrkjevalet 2023 med val av leke medlemer til Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

Frimodig kyrkje har klar eit listeforslag med 9 kandidatar.

Listeforslaget er levert til valrådet i Bjørgvin bispedøme.

Frimodig kyrkje har førsteamanuensis Gunnar Innerdal frå Øygarden på førsteplass.  Du finn lenke til heile lista nedst på sida. 

(Vi gjer merksam på at lista har blitt oppdatert 29. mars, etter at det vart lagt ut ein tidlegare versjon 28. mars)

Valrådet i Bjørgvin skal godkjenna denne lista og andre lister innan 30. april.

I Bjørgvin bispedømeråd er det 10 medlemer. Sju av medlemene er leke - valde av og blant medlemer i Den norske kyrkja. Det er ein prest, vald av prestane i bispedømet, og ein lek kyrkjeleg tilsett, vald av dei lek kyrkjeleg tilsette i fellesrådsområda. Dessutan er biskopen fast medlem av rådet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"