Katastrofane i verda - kva gjer vi med dei?

Finst det håp i møte med dei store katastrofane i verda? Kyrkjene sin eigen naudhjelpsorganisasjon, Kirkens Nødhjelp, er tett på med eigne folk eller i samarbeid med andre. No vil dei fortelja frå arbeidet sitt der det røyner mest på.

Kirkens Nødhjelp er tett på katastrofane i verda og inviterer no til digitale samlingar for å fortelja om dette. Foto: Kirkens Nødhjelp

– Utover hausten vil vi tilby digitale samlingar der erfarne tilsette i Kirkens Nødhjelp fortel frå arbeidet sitt, seier Geir Endre Kristoffersen. Han er regionkoordinator for organisasjonen i Vestland.

Tema for samlingane, som varer ein halvtime frå kl. 09.00:

2. oktober: «Palestina – er det håp i ruinene?»

6. november: «Hva skjer i Kirkens Nødhjelp når alarmen går?»

4. desember: «Arbeidet i Ukraina – nå!»

– Eg trur mange kjenner på at vi er små og langt unna, og at vi skulle ønske vi kunne gjere meir for dei som er ramma av ulukker og katastrofar. Då trur eg det kan vere godt å få vite meir om kva som faktisk blir gjort og kva vi som kyrkje er med å bidra til ute i verda, seier Geir Endre. Han fortel at desse digitale samlingane er tenkt som ein serie med møte ein gong i månaden. Etter jul vil dei ha tema knytt til Fasteaksjonen og korleis ein kan gjennomføre den.

Du finn lenke til møteserien nedst på sida her. På sida du kjem til (fasteaksjonen.no/morgenprat) vil det og etter kvart ligge opptak av møta.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"