Rett og rettferd var tema då professor Paul Otto Brunstad var gjest på temakveld med biskop Ragnhild. Her kan du sjå opptak av føredrag og samtale mellom dei to.
I heile jubileumsåret 2024 har Biskop Ragnhild invitert til temakveldar i Bergen domkirke. Her har ulike gjestar snakka om tema knytt til "Dei guddommelege søstrene" eller "Guds fire døtre" om du vil, Rettferd, Fred, Miskunn og Sanning. Dette var sentrale dyder i Magnus Lagabøte si landslov, og er difor lyfta fram når vi feirer 750 årsjubileum av denne.
Nedst på sida finn du lenker til opptak av tidlegare temakveldar.
– Rettferd er kanskje den vanskelegaste av desse søstrene, sa biskop Ragnhild innleiingsvis, og professoren sa seg einig.
– Rett og rettferd er temaet, og eg går med nokre undrande steg inn i mitt eige foredrag, og eg er veldig spent på kvar eg sjølv kjem til å lande.
Korleis det gjekk og kvar han landa, kan du sjå i opptaket under.
Temakveld om fred 21. november
Den siste av årets temakveldar kjem torsdag 21. november klokka 19.00. Då er det dottera Fred som står sentralt, med overskrifta "Peace - Cross of Nails". Denne samlinga er på engelsk med gjestane Lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve og Dean of Coventry - The Very Reverend John Witcombe.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.