SOL-samtalane erstattar dei tidlegare utviklingssamtalane mellom biskopen og prosten. No blir også kyrkjeverjene inviterte med i ein refleksjon rundt prosten sin årsrapport for prostiet.
Samtalane handlar om statistikk for gudstenester, kyrkjelege handlingar og trusopplæring. Vidare drøftar ein forvaltning av tilskot til diakoni og undervisning.
På siste del av møtet er også verneomboda i fellesråd og for prestane med i ein samtale om HMS.
– Me kyrkjeverjene var einige om at det var veldig positivt med eit slikt møte mellom bispedømesida og oss kyrkjeverjer. Andre som har vore i denne rolla lenge, har ikkje opplevd dette før, seier kyrkjeverje i Ullensvang, Oddbjørn Vestbøstad. Han er Hardanger og Voss sin representant i styret for kyrkjeverjelaget i Bjørgvin.
– Me har frå før eit godt forhold til prosten, og no fekk me også møta leiinga ved bispedømekontoret og bli betre kjende med kvarandre. Møtet bar mykje preg av rapportering og er ein god start på vidare samarbeid der me kan leia meir saman, seier Vestbøstad
– Det er er eit mål å skape eit rom for felles strategiske vurderingar, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit. – Det vil på mange felt vere viktig at me drar i same retning, og på nokre område må ein saman finne meir effektive og fornuftige måtar å bruke ressursar på, konkret har me bl.a. snakka om vernerundane. Det er også viktig å kople styrken i det lokale med det me kan gjere betre på bispedømmenivået, seier stiftsdirektøren som alt er i gang med fleire SOL-samtalar.