I møte med sorga - sorgmånaden 2019

Sorga møter oss alle. Nokon gonger er det mi eiga sorg som er sterkast, andre gonger møter eg andre som sørgjer. I oktober ønskjer kyrkja i Bjørgvin å møta alle desse gjennom «sorgmånaden».

Diakonirådgjevar Vetle Karlsen Eide tilbyr små øskjer som kan brukast til å dela ut lys i sorgmånaden.

Opne kveldsarrangement
I Bergensområdet inviterer Bjørgvin bispedøme i samarbeid med lokale kyrkjelydar til følgjande kveldsarrangement som er opne for alle (for lenker til kvart arrangement, sjå nedst på sida):

  • Korleis sørgjer vi? Temakveld 3. oktober kl. 19 i Krohnhagen kafe og veksthus (Kirkens bymisjon). Med bl.a. sjukehusimam Azeem Muhammad, sokneprest Thor Brekkeflat og gravplassjef Inghild Hareide Hansen.
  • Om sorg. Ressurskveld 16. oktober kl. 18 i Loddefjord kirke. Med bl.a. sokneprest Gunnar Kolaas.
  • Snakk om sorgen. Temakveld i Sandviken menighetshus onsdag 30. okt kl 19.00. Tale v/Tarald Ueland. Musikalsk innslag. 
  • Å møte hverandre i sorgen. Temakveld i Foldnes kyrkje 30. oktober og i Erdal kyrkje 31.oktober, begge dager kl. 19.00, med foredrag av instituttprest Rune Stray, institutt for sjelesorg, Modum bad.
  • Sorga sine ulike ansikt. Gudsteneste 31. oktober kl. 19 i Korskirken. Med bl.a. prost Kristin Litlere, bymisjonsprest Trygve Stabrun, diakon Kjerstin-Marie Vereide og kateket Bodil Bredholt.

Seminar og konferanse på dagtid

  • Tro – en kilde til livsmot? Konferanse 1. oktober i Åsane kirke.
  • Sorgseminar 19. oktober kl. 10:30 i Skjold kirke. Med bl.a. sokneprest Bjarte Holme.
  • Tap og sorg blant menneske med utviklingshemming. 29. oktober kl. 9 – 12 i Tunet kyrkje- og kultursenter, Os

Førstehjelp ved sorg

Den norske kyrkja vil i månaden fram mot allehelgen 3. november gjennomføra ein kampanje på nettsider og sosiale medier med tips til korleis ein kan møta folk i sorg. "Førstehjelp ved sorg" er for alle. Kampanjen vart gjennomført for første gong i 2018. Den fekk veldig god mottaking og blir gjentatt i år.

Utdeling av lys

Kyrkjelydar i Bjørgvin kan bestilla små kartongar til bruk for utdeling av lys saman med brosjyren "Førstehjelp ved sorg". For bestilling, ta kontakt med diakonirådgjevar Vetle Karlsen Eide.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"