Statistikken, som er førebels, viser at fleire sokn har meir tilbod om aktivitetar på kvardagane, og at fleire deltek. Dei nasjonale trendane viser seg i Bjørgvin, som på ein del område har større oppslutnad enn Den norske kyrkja nasjonalt.
Babysong, barnekor, konsertar, kulturarrangement, middagsfellesskap, familiekor, eldretreff, turar og opne kyrkjer. I løpet av ei veke skjer det mykje i regi av sokn i Den norske kyrkja over heile landet.
I fjor deltok om lag 5419 deltakarar på babysong og småbornssong i Bjørgvin, det er ein auke på 25 % frå 2023 (4319 deltakarar).
Småbarn- og babysong er ein stad der barn og foreldre saman kan bli kjende med kyrkja og utforske den kristne trua. Denne auken er med på å stadfeste utviklinga vi har sett etter pandemien, der stadig fleire kjem til kyrkja på ein vekedag. Kyrkja har ei viktig og samlande rolle i mange lokalsamfunn.
Oppslutning om kvardagskyrkja
Tal på konsertar er snart på nivå med før pandemien. Konsertpublikummet kjem tilbake og er no på 173417 konsertdeltakarar i Bjørgvin mot 152354 i 2023, ein auke på nesten 14 prosent.
Fleire sokn har tilbod om middagsfellesskap, eldretreff, husfellesskap, turar, opne kyrkjer og leiaropplæring for ungdom.
Fleire deltakarar på kvar gudsteneste
Tal på deltakarar på julaftansgudsteneste i Bjørgvin aukar til 56942 deltakarar i 2024, i snitt 181 pr. gudsteneste, 50845 deltakarar i 2023, i snitt 155 pr. gudsteneste. Sjå også saka: Folk strøymde til kyrkjene i jula
Det vart arrangert færre gudstenester samanlikna med året før. Det medfører at talet på deltakarar på gudstenester totalt sett, også går ned. I 2024 var 554406 menneske på gudstenester i Den norske kyrkja i Bjørgvin. I 2023 var talet 585016 deltakarar.
Gjennomsnitt deltakarar på alle gudstenester aukar frå 77 til 82 i Bjørgvin. For hovudgudstenesta på søndagane, auka snittet frå 75 til nesten 82 deltakarar.
Fleire kyrkjebryllaup
Statistikken viser at det er stabil oppslutning om dei kyrkjelege seremoniane, utanom gravferd som har ein liten nedgang:
- Det blei utført 3884 dåp i Bjørgvin (3658 i 2023). Det er ein auke på 6 prosent. Statistikken som viser kor mange som blir døypte av alle fødde, er ikkje klar enno.
- Dei førebelse tala viser 4801 konfirmerte i Bjørgvin i 2024, 4852 i 2023. Det er ein nedgang på 1 % i Bjørgvin.
- 2024 hadde ein auke i talet på kyrkjebryllaup med over 5 prosent samanlikna med året før. 832 par gifta seg i kyrkjene i Bjørgvin i 2024, 791 i 2023.
- Bjørgvin: 4334 gravferder i 2024, nedgang på vel 1 prosent frå 2023 då det var 4388.
Dette er førebelse tal, det manglar tal frå eit par små sokn. Ein fyldigare årsrapport for bispedømet kjem seinare i vår. Endeleg statistikk frå Statistisk sentralbyrå blir publisert i juni.