– Rettferd er veldig tvetydig. Det legg grunnlaget for noko av det beste vi kan ha oss menneske imellom, der vi blomstrar og har det godt, men det kan og føre til det verste blant oss menneske. Rettferd kan utløyse utruleg mykje øydeleggjande kraft som kan øydeleggje sjølv dei beste fellesskapa, hevdar Brunstad.
Professoren deltek på ein temakveld i ein serie som tek utgangspunkt i dei fire guddomelege søstrene, Rettferd, Miskunn, Sanning og Fred. Desse var sentrale i Magnus Lagabøte si landslov, og har difor vore løfta fram i jubileumsåret for landslova i år. Nokre av dei tidlegare temakveldane kan du sjå i opptak. Du finn lenker lenger nede på sida.
Vanskeleg tema
Etter at Brunstad har teke publikum inn i kloke tankar rundt omgrepet rettferd denne oktoberkvelden, vil han og biskop Ragnhild ha ei samtale om temaet. Kva han skal førelese om temaet rettferd, er ikkje Brunstad heilt sikker på ei veke før temakvelden.
– Jo meir eg har jobba med omgrepet og tematikken, jo vanskelegare viser det seg å vere. Så eg er spent, og eg kjem til å kome på torsdag for å høyre kva eg har å seie om den saka, seier han med eit blunk.
Siste temakveld i november
Siste temakveld i år kjem 21. november. Den blir på engelsk og har tittelen "Peace - Cross of Nails". Gjestar då er Lagmann, dr. juris Hannes Sophie Greve og Dean of Coventry - The Very Reverend John Witcombe.
Temakveldane blir arrangert av Bjørgvin bispedøme, saman med Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke. Dei er ein del av Landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom:
Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening.