Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådsmøte med tilsetjing av avdelingsleiar og fire prestar

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 24. mars bl.a. tilsett ny avdelingsleiar/personalsjef, fire prestar, gjort endringar i presteressursane i Nordhordland og Hardanger og Voss prosti, slått saman to sokn og skifta namn på eit prosti.

Ny personalsjef

Cathrine Waaler Halstensen er tilsett som avdelingsleiar /personalsjef ved Bjørgvin bispedømekontor.

Tilsejting av prestar

Prostiprest Nordfjord prosti:

1. Henny Koppen
2. Ann Kristin A. Grande

Kapellan Løvstakksiden sokn, Bergen domprosti:

1. Kristin Lødøen Hope
2. Øyvind Rise
3. Steinar Sneås Skauge

Sokneprest i Kvinnherad, Ænes, Åkra, Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy sokn, Sunnhordland prosti:

1. Kjetil Kringlebotten

Sokneprest i Aurland sokn, Sogn prosti:

1. Jermod Hausberg
2. Anne Karine Lysne

Omfordeling av presteressursar
Prestestillingar var i fokus også i eit par andre saker. Hardanger og Voss prosti er blant dei prostia som må gje frå seg prestestillingar i ei omfordeling mellom område med få medlemer til område med mange medlemer. Bispedømerådet gjorde vedtak om å trekkja inn ei stilling som prostiprest i Strandebarm og Fusa. Også for Nordhordland har ein sett på fordeling av presteressursar. Bispedømerådet gjorde vedtak om å redusera presteressursen i Solund, Gulen og Masfjorden frå 300 % til 250 % med verknad frå 01.08. 2015. Vedtaket inneheldt også eit punkt om at organiseringa av prestetenesta i Solund vert vurdert når stillinga som sokneprest i Solund ein gong vert vakant. Vidare bestemte rådet at Meland får tilført 50 % meir presteressurs så snart det er handlingsrom for dette.

Nytt fagutval for «nyåndelighet»
Bjørgvin bispedømeråd opprettar nytt fagutval innan det "nyåndelege" området. 

For perioden 2015- juni 2016 er desse oppnemnde som medlemer i utvalet: 

Greta Gramstad,
Sverre Johan Nærheim,
Marit Bjørsvik,
Hildegunn Isaksen,
May Bente Matre,
Tone Totland og
Ragnar Tesdal.


Åsane prosti
Bjørgvin bispedømeråd vedtar å endra namnet på Arna og Åsane prosti til Åsane prosti med verknad frå 1. juni 2015, under føresetnad om departementet si godkjenning.

Samanslåing av sokn i Gloppen
Bjørgvin bispedømeråd gjer vedtak om å slå saman Gimmestad og Vereide sokn til eitt sokn med verknad frå 1. januar 2016. 
Det nyvalde soknerådet vil fungere som felles sokneråd for begge sokna frå 1. november til og med 31. desember 2015.  Namn på det nye soknet vert Gloppen sokn.

Sakliste 
Godkjenning av innkalling og saksliste
Godkjenning av møtebok
Avdelingsleiar / personalsjef ved Bjørgvin bispedømekontor
Prostiprest i Nordfjord prosti
Sokneprest i Kvinnherad, Ænes, Åkra, Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy sokn, Sunnhordland prosti
Sokneprest sokna i Aurland, Sogn prosti
Kapellan i Løvstakksiden sokn
Inndraging av stilling i Hardanger og Voss prosti
Søknad om bli oppnevnt som råd under bispedømmerådet
Omfordeling av presteressursane i Nordhordland prosti
Arna og Åsane prosti - nytt namn
Samanslåing av Gimmestad og Vereide sokn i Gloppen
Referatsaker