Sjå filmen over og dans gjerne med!
Datoen for verdsdagen er ikkje tilfeldig, då syndromet inneber å ha 3 kromosom av typen kromosom 21.
Det er blitt tradisjon å markere dagen med å «rocke sokkane», - d.v.s. å gå med ulike sokkar på kvar fot. På det viser ein at ein set pris på det mangfaldet som menneske med Downs gjev oss, at at me høyrer saman sjølv om me er ulike.
Livsvilkåra for menneske med Downs har endra seg kraftig dei siste åra. På den eine sida er samfunnet blitt lagt langt betre til rette for at ein skal kunne leve godt med syndromet. På den andre sida legg den nye fosterdiagnostikken og lovgjevinga til rette for at stadig fleire foster med Downs syndrom vert aborterte. Tema for årets Downs-dag er såleis «Betre støtte- betre liv».
Som kyrkje og kristne vil me stille opp for menneskeverdet uansett funksjonsevne. Det inneber sjølvsagt langt meir enn å gå med ulike sokkar på denne dagen. Men denne enkle symbolhandlinga kan vere med å minne om at me treng å stille opp for kvarandre med våre ulike givnader og sårbare sider.
På sundag er det Maria bodskapsdag, og då kan det vera aktuelt å ta med temaet abort og fosterdiagnostikk. Sjå lenke til preikeressurs frå prest Roar Strømme nedst på sida.
(Mykje av teksten er henta frå Kyrkjeklubben i Kvam)