Ei kyrkje full av liv!

Sædalen kyrkje var fyllt til randa av menneske, takksemd, musikk, ein dose salig kaos og ikkje minst kyrkjekaffi til alle. – I dag skin lyset over Sædalen! Så lenge vi er her på jorda, skal vi bygge kyrkje, sa biskop Ragnhild Jepsen i preika på vigslingsgudstenesta 3. november.

Sædalen kyrkje var fylt til randen på vigslingsgudstenesta 3. november 2024. Her er søndagsskulen på veg ut før preika.

Ein einstemmig jury valde i november 2021 bidraget “En kirke full av liv” då Sædalen kyrkje skulle byggast. Fram til denne helga har menigheten hatt gudstenestene sine på nærskulen, men no er endeleg kyrkjebygget klart til bruk. Det vart ein festdag, der folk stod i kø for å sleppe inn. Gudstenesta var prega av flott musikk av band med blåserekke, og ulike kor med folk i alle aldre, som sang i ulike grupper.  

Barnekor i moderne kyrkje. Foto.
Margrethe Øy dirigerte eit av kora under søndagens vigsling.
Folk i prestekjoler og penklær foran nytt kirkebygg. Foto.
Framme f.v: Prest Bjørn Nygaard, menighetsrådsleder Maria Grosås, biskop Ragnhild Jepsen, diakon Linda Bårdsen, sokneprest Kjersti G. Norheim, kateket Sigrid T. Fahlvik. Bak f.v. Prost Kristin Litlere, kirkeverge Mette Svanes, statsråd Kjersti Toppe, kirkerådsleder Harald Hegstad, dirigent Gunn Austad, dirigent/vertskap Margrethe Øy, pianist Eivind Austad, tekstleser Mette Bøe Lyngstad, prest Leidulf Øy, prestevikar Andreas H. Weltzien og byråd og tekstleser Reidar Digranes.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe, kyrkjerådsleiar Harald Hegstad, kulturbyråd i Bergen Reidar Digranes og kirkeverge Mette Svanes deltok under gudstenesta, saman med fleire barn, unge og vaksne medlemmer i Sædalen menighet, og prost Kristin Litlere, sokneprest Kjersti Gautestad Norheim, prest Leidulf Øy og sjølvsagt biskop Ragnhild Jepsen. 

Skal fortsatt bygge kyrkje 

Biskop taler framme i moderne kirkebygg. Foto.

Biskop Jepsen ba for kyrkja, og heldt ei preike på vigslingsdagen, som også er allehelgensøndag, der ho snakka om kva kyrkja betyr, og der ho trakk linjene til det som bind oss med tidlegare generasjoner, og det som skal fortsette framover.

Det seier mykje om landet vårt at vi i tusen år har bygd kyrkjer, og at vi enno gjer det i dag. Det forpliktar oss som samfunn å halde fram dei verdiane mellom oss som Kristenretten innførte. Mursteinane denne kyrkja er bygd av, er levende steinar - lag på lag av byggesteinar som har gjort den til det vi ser i dag. Men difor er kyrkja heller ikkje ferdig bygd. Så lenge vi er her på jorda, skal vi bygge kyrkje, sa biskopen.

I dag skin lyset over Sædalen! Ved å halde oss nær til Han som først kom med lyset til menneska, blir våre liv også opplyste. Det lyset skal vere over livet vårt, alle dagar. 

(Les heile preika)

Alle eig kyrkja like mykje

Prest snakker. Foto.

Alle eig kyrkja like mykje, om dei er her mykje eller lite, eller berre ser den utanfrå, sa prest Leidulf Øy, som understreka at det var kyrkjekaffi til alle etter gudstenesta, slik det har vore kyrkjekaffi etter alle gudstenestene dei har halde i Sædalen dei 18 åra dei har vore utan kyrkjebygg også. Både han og kona Margrethe har vore aktive i arbeidet sidan då, og blei omtala som "mamma og pappa Sædalen" av prost Kristin Litlere, til ståane applaus. 

Under kyrkjekaffien kom fleire med helsingar. 

Mann i dress taler i kirke. Foto.

 Lykke til med å skape ei kyrkje full av liv heile veka, ein møtestad til glede for Gud og menneske, sa kyrkjebyggsjef Arne Tveit (bildet over) då han overleverte nøkkelkorta til den nye kyrkja. Samtidig takka han både kommune og den lokale byggekomiteen, kirkerådet og ansatte i soknet med fleire, for bevilgninger, engasjert samarbeid og den store jobben som har blitt gjort. 

Leiar for kyrkjerådet i Den norske kyrkja, Harald Hegstad, helste frå Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet. Han var imponert over både bygget og alt det livet som fylte den på søndag. 

Tida for å byggja kyrkjer i Norer er ikkje over, noko vi har fått demonstrert i dag. I ein pressa kommuneøkonomi er ikkje det like lett å få til i praksis, og eg er derfor mektig imponert over at Bergen kommune har bidratt til finansiering av denne flotte kyrkja. Dette bygget forvaltar de på vegne av heile lokalsamfunnet her i Sædalen. La den vere eit ope bygg med stor raushet og låge tersklar, men også eit bygg som tydeleg peikar på kvifor det står der, for å samle menneske i glede og sorg, kvardag og fest, om bodskapen om Guds kjærleik i Jesus Kristus – og for å sende dei ut til teneste for sin neste i verda. 

-Allereie ein menighet full av liv! 

Folk i bunad og dress på første kirkerad. Foto.
Fremste rad: Bispedømerådsleiar Oddny Miljeteig, kirkeverge Mette Svanes, byråd Reidar Digranes, kyrkjerådsleiar Harald Hegstad og statsråd Kjersti Toppe.

Statsråd Kjersti Toppe, trus- og livssynsminister, gratulerte også med dagen. Ho var glad for å vere i Sædalen og for at kyrkjebygget no står ferdig. 

 Dette er ein stor dag! Eg må berre sei at eg blei så imponert over denne vigslingsgudstenesta. Det var som om de sang kyrkja inn! Det var ei oppleving å vere her som eg kjem til å hugse lenge. De er allereie ei kyrkje og ein menighet full av liv, sa Toppe, og refererte til byggprosjektet “En kirke full av liv”, som vann arkitektkonkurransen.  

Det er slik vi ønsker at folkekyrkja skal være. Ei sterk lokalkyrkje er viktig i lokalsamfunna, sa Toppe. 

Gratulerer med ny "postfilial"!

Også byråd i Bergen, Reidar Digranes gratulerte med dagen. Han var glad for at kyrkja og aktivitetane der er der folk bur i nærmiljøet. No også i Sædalen. Så gratulerte han også med det han kalla ein ny postfilial, då han peika på noko som forbind kommunen og kyrkja; begge er opptekne av god kommunikasjon.

Orda kommune og comunion (nattverd) har det same latinske opphavet, som betyr felles, fellesskap eller felles deltaking. Så la meg også gratulere dykk med ny "postfilial", sa Digranes som fortalde at Posten har lange tradisjoner her, heilt sidan den gamle postvegen til Kristiania blei lagt gjennom Sædalen i 1870-åra. 

No er kyrkja opna som eit slags distribusjonslager for brev, gåver og ulike former for kommunikasjon, ikkje mellom øst og vest, men mellom himmel og jord. For kyrkja har det alltid vore viktig å få breva fram til folk. Til dømes Efesarbrevet, som eg leste frå sjølv tidligare i dag. Gåvene skal også fram. Kirkevergen las om Den heilage ande sine gåver. Frå før av har Sædalen “post i butikk”. Frå i dag har Sædalen også post i kyrkja, sa Digranes til latter frå salen. 

I Sædalen kan alle bidra

Mannlig pianist og trommis i moderne kirke. Foto.
Eivind Austad er frivillig i Sædalen, og spilte på flygelet under vigslingsgudstenesta. Her saman med trommis Craig Farr.

Utover ettermiddagen fortsatte folk å strøyme til kyrkja. Då inviterte frivillige og ansatte til "open dag" for alle interesserte, med leikar for barna, kafe og fleire sanginnslag frå kora i Sædalen. 

Folk i menigheten uttrykte stor takksemd over kyrkja som no står ferdig.  

 Dette var nydeleg å vere med på. Her i Sædalen er det så fint, her kan alle bidra med det dei kan, sa Eivind Austad, jazzmusikar og frivillig i Sædalens musikkarbeid.  

 (Sjå fleire bilde nedst i saken.) 

Om Sædalen kyrkje 

  • Sædalen kyrkje blei vigsla 3. november 2024. Kyrkja har ein storleik på 1490 m2, og har 200 sitteplasser i kyrkjerommet, omtrent det dobbelte når ein innlemmer kyrkjetorget.    
  • Ein einstemmig jury valde i november 2021 bidraget “En kirke full av liv”, tegna av Hille Melbye Arkitekter, KOHT Arkitekter og TAG Landskapsarkitekter. Entreprenør har vore PEAB K Nordang. 
  • Bergen kirkelige fellesråd er den formelle byggherren. Sjølve byggeprosessen starta våren 2023. Grunnsteinen blei lagt ned av biskop Ragnhild Jepsen 23. april 2024.  
  • Det er få lokale møtestader i Sædalen, utanom skolebygga og fotballbanane. Med eige kyrkjebygg vil både unge og gamle få ein møtested på dag- og kveldstid.  

 

Kor i moderne kyrkje. Foto
Stort kor under leiing av Gunn Austad.
Biskop bak alter. Foto
Biskop Ragnhild Jepsen
Tekstlesere i kirke. Mann og ungdom. Foto
Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad var med som tekstlesar, saman med Elida Klepsvik.
Full kyrkje. Foto.
Kyrkja var fylt til randa på søndag!
To pynta damer leser tekst i moderne kyrkje. Foto.
Kirkeverge Mette Svanes og statsråd Kjersti Toppe leste bibeltekstar.
Barnekor i kirke. Foto.
Barnekor i aksjon: Gud bor i kirken vår i Sædalen!
Kø inn i moderne kirke en regnværsdag. Foto
Kø inn til kyrkja.

Tekst og foto: Gyrid Cecilie Nygaard/Bergen kirkelige fellesråd

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"