Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Biskop Halvor

Halvor Nordhaug vart biskop i Bjørgvin i 2009. Han leier det største bispedømet i landet og er også biskop for dei norske kyrkjene i utlandet (Sjømannskyrkja).

– Den viktigaste oppgåva til biskopen, slik eg ser det, er å hjelpa menneske til tru på Gud og til å leva som disiplar av Jesus midt i verda slik den er i dag med alle dei utfordringane det medfører. Dette er ikkje det enklaste livet, men det beste, seier Halvor Nordhaug.

Biskopen leier prestetenesta i bispedømet, i tett samarbeid med prostane som står for den daglege leiinga i kvart prosti.

Biskopen har tilsyn med kyrkjelydane og besøker kvart år ein del av dei på sine visitasar. Biskopen har òg tilsyn med Sjømannskyrkja og vitjar regelmessig deira kyrkjer.

Visjonen for biskopen og bispedømet er «Saman vil vi ære Den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd». Denne visjonen presenterer biskopen gjerne med utgangspunkt i eit av verdas mest kjende ikon, Treeininga av Rublev. Sjå lenke nederst på sida til Ikonet og biskopen si forklaring.

Nedanfor er det lenker til biskopen sine ytringar - visitasføredrag, ein del talar/preiker og sosiale medier.