Arbeidsvegleiing (ABV)

– ABV gir meg ein stad å reflektere over arbeidssituasjonar og lette på trykket, sier ABV-deltakar.

Ein stad å stoppe opp og vende tilbake til – ein stad for refleksjon og perspektiv. Foto: Bård Haukedal

ABV er eit satsingsområde i Bjørgvin bispedøme. I hovudsak skjer vegleiinga i grupper, men vi tilbyr òg individuell vegleiing.

Gruppene er opne og kontinuerlege. Kontinuerleg vil seie at gruppa ikkje sluttar etter ei viss tid (t.d. 2 år som før). Open vil seie at deltakarane i gruppa vil skifte over tid. Det er 6 til 8 samlingar i året, kvar samling er på 4 timar. Minst ein gong kvart år vil det vere opptak av nye deltakarar, samstundes som det vil vere nokon som går ut av gruppa. Dei som blir med bind seg for to år, og kan deretter inngå avtale for eitt og eitt år om gangen.

Påmeldingsskjema finn du i lenke nedst på sida.

Kva er arbeidsvegleiing?
Kort sagt er ABV refleksjon over praksis. I dei nasjonale retningslinene for ABV fastsett av Bispemøtet (BM) og Kirkelig arbeidsgiverorganisasjon (KA) i 2014 står det om ordninga:

«ABV-ordningen er et personaltiltak i Den norske kirke. ABV er en samlebetegnelse på organiserte veiledningstilbud som tar utgangspunkt i ansattes egne erfaringer fra arbeidssituasjonen. Disse gjøres til gjenstand for refleksjon og bearbeidelse individuelt eller i gruppe. Tyngdepunktet for veiledningen ligger i brytningen mellom person, fagområde og yrkesutøvelse».

Kvifor arbeidsvegleiing?
«Selve det å fortelle har en verdi i seg selv», skriv forfattarane av vegleiingsboka «Der fremtiden blir til». Dei seier vidare at det er den eigentlege grunngjevinga for all vegleiing. Vi har eit behov for å fortelje om arbeidet vår. ABV legg til rette for det. I vårt arbeid som kyrkjeleg tilsette får vi mange erfaringar og opplevingar i møte med menneske i ulike situasjonar. Desse erfaringane er kjelder til kunnskap, innsikt og utvikling.

Gjennom samtale og refleksjon kan vi få hjelp til å vinne ny innsikt, finne vegar vidare i arbeidet og slik kunne møte tilsvarande situasjonar på ein betre måte neste gong. Ofte står vi åleine i krevjande tenesteoppgåver. I ABV får vi høve til å arbeide med våre erfaringar. Det kan verke førebyggjande med tanke på tap av motivasjon for tenesta.

Arbeidsvegleiing for kven?
Det er eit mål at alle prestar, kateketar, diakonar og andre tilsette medarbeidarar skal få tilbod om å delta i arbeidsvegleiing. For nyutdanna prestar er ABV obligatorisk. Men ABV er likevel nyttig og utviklande i alle fasar av yrkeslivet. ABV er ikkje berre for dei som strevar i tenesta, men er ei hjelp til alle og kan vere med å skape ein god tryggleik i tenesta. Gruppene er som oftast tverrfaglege. Det gjer fellesskapet rikare og styrkjer opplevinga av å stå saman i tenesta.

Arbeidsmetode
Deltakarane har med seg fortellingar og opplevingar frå arbeidet sitt som dei legg fram for gruppa. Det skjer i all hovudsak munnleg. Det som blir lagt fram har utgangspunkt i eigen praksis. Ein legg stor vekt på kva deltakaren sjølv ønskjer å bruke rettleiinga til. På fyrste samling i gruppa, og ved kvart opptak i gruppa går rettleiar gjennom rammene og arbeidsmåten for gruppa.

Gruppa blir leia av ein godkjent vegleiar som sjølv går i vegleiing og som har fullført ABV–utdanninga.

Teieplikt både for vegleiar og deltakarar
Ein klar føresetnad for arbeidet er at gruppa har teieplikt. Vegleiar rapporterer ikkje til nokon. Arbeidsgjevar har berre informasjon om kven som er med i ABV, slik at det kan takast omsyn til i planlegging av tenesteoppgåvene i kyrkjelyden.

Organisering
Biskopen har ansvar for å legge til rette for ABV i bispedømet. Tilbod om ABV er ein del av arbeidsgjevar sitt ansvar. Det er personalpresten i BJørgvin bispedøme som administrerer ABV-arbeidet.

Vi prøver å halde utgiftene for deltakararar på eit så lavt nivå som mogleg. Dei som har bispedømet som arbeidsgjevar, får dekka alle utgifter. For tilsette i felllesråd ligg utgiftene per no på 2000 kr. Tida ein brukar til ABV blir sjølvsagt rekna som arbeidstid.

For å ta utdanning som arbeidsvegleiar må du ha gått i ABV minimum 66 timar i gruppe eller 44 timar i individuell rettleiing.

Vil du vite meir om ABV?
Ta gjerne kontakt med personalpresten i Bjørgvin bispedøme eller bispedømekontoret.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"