Årsrapport 2023

Det er mykje å glede seg over i Bjørgvin bispedøme. Det skjer mykje godt arbeid kvar veke i alle kyrkjelydane! Noko av dette kan ein måle i tal, men mykje handlar om kvalitet i møte mellom folk og kyrkje, i både kvardag, sorg og fest.

Ragnhild Jepsen vart vigsla til biskop i Bjørgvin 16. april. Frå framsida av årsrapport for 2023. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard

Du finn heile årsrapporten for 2023 nedst på sida

Ny biskop

2023 var prega av skifte av biskop. Det var vigsling 16. april og biskop Ragnhild hadde ein omfattande turne til alle prostia sommaren og hausten 2023 og møtte tilsette og frivillige. Biskopen lytta til stabane som presenterte nokre sider ved det lokale arbeidet og ho blei godt kjent med mangfaldet i bispedømet. Bispeskiftet var også med på å bygge lag med ulike samarbeidspartnar og samfunnsaktørar. 
Statistikken fortel at vi nærmar oss 2019-tal på mange område, men utfordringa med å kome tilbake dit er stor. Det er gledeleg at tal på konfirmasjon og gudstenestebesøk er positive. 

Fleire på gudsteneste og fleire konfirmantar, færre dåp og vigsler

Gudstenestedeltakarar auka med 1,1% frå 2022 til 2023, og gjennomsnittleg besøk gjekk opp frå 73 til 77, men det er framleis 19% under 2019-nivå. Besøket på julekvelden ser ut til å ha stabilisert seg på 28% under 2019-nivå. 
Vi kan glede oss over den auka oppslutninga om gudstenestene og det gode arbeidet for unge vaksne og studentar som skjer i St. Jakob i Bergen. Bispedømet har satsa på dette i over 11 år, og det er difor gledeleg at det og syner seg å gje gode resultat. Systematisk arbeid og ikkje minst langsiktig vilje frå bispedømerådet til å prioritere har vore heilt naudsynt for å kome dit. 
Talet på konfirmantar auka i 2023  etter ein liten nedgang i 2022. Bispedømet har sett inn fleire tiltak over tid for å styrka konfirmantarbeidet, mellom anna med prosjektet “Saman” som har hatt konfirmanttreff saman med kyrkjelydar. Bispedømet har nytta unytta tilskotsmidlar og midlar frå vakansar i prestestillingar svært aktivt inn mot ei omfattande satsing på arbeid med konfirmantar og eldre ungdom. Vi trur at dette på lang sikt er heilt avgjerande for rekruttering og oppslutning rundt kyrkja.

Etter ein topp i 2022 er det ein nedgang i dåpstal og vigsler i 2023. 
Talet på kor mange som vel kyrkjeleg gravferd er ganske stabilt. Dette er indikatorar som samla gjev grunnlag for å tenke at kyrkja står sterkt i Bjørgvin. Medlemsundersøkinga som  vart gjennomført i 2023 understrekar at medlemmane i stort er nøgd med kyrkja si, og med dei tenestene dei får i ulike møtepunkt.

Forbetringspotensiale for satsing på frivillige

Talet på frivillige (uløna medarbeidarar) gjekk ned under pandemien og er på veg opp, men er framleis 10% under 2019. Bispedømet har hatt dette som særleg satsingsområde, men har ikkje lukkast heilt med å arbeide systematisk og langsiktig saman med kyrkjelydane på dette området. Systematisk arbeid med oppfølging av unge leiarar, rådsmedlemmar og frivillige i stort må bli betre. 

Forpliktande og utfordrande visjon

Året 2023 vart og prega av rekrutteringsutfordingane og strammare økonomiske rammer. Mykje tid og energi går med på å prøve å fylle opp med vikararar og andre løysingar der det er vakansar. Difor har bispedømerådet starta eit arbeid med å sjå på ressursfordeling og nye arbeidsmåtar. Det er samstundes slik at i hovudsak er situasjonen stabil og i god drift, og dette er det viktig at ein og gjev merksemd, slik at ein ikkje lagar eit bilde av at der ikkje er ressursar eller folk.

Mangfald kan være ein ressurs for å synleggjere at det er rom for ulike folk, for ulike meiningar og for ulike uttrykk. Bjørgvin bispedøme har hatt “saman” som del av sin visjon i lang tid, det er ein visjon som forpliktar og som utfordrar. Det har vore arbeidd godt over lang tid med å sikre ei open og inkluderande kyrkje. Ikkje alt av dette arbeidet er synleg. Det skjer mykje godt arbeid med administrasjon, personale eller praktisk tilrettelegging som ikkje må bli undervurdert i eit samla bilde. Det arbeidet fellesråd og bispedømet gjer er viktig for å understøtte det arbeidet som skjer lokalt. Det er brukt mykje tid og ressursar på å finne ein modell for kyrkjeleg organisering. Når dette landa slik det gjorde i 2023, vil vi håpe at vi kan nytte dei samla ressursane på ein best mogleg måte framover til vekst i dei lokale kyrkjelydane.

Bergen, 21. mai 2024
Jan Ove Fjelltveit
Stiftsdirektør 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"