Gjennom eit samarbeid mellom Normisjon/Acta, kor og musikarar frå kyrkjelydar i Agder og den lutherske kyrkja på Cuba vart det i 2003 laga eit album med 15 songar på spansk og norsk. Namnet på plata «Hermanos» (utt. "ermanås") er spansk og betyr søsken. Tekstane er skrivne av Tore Thomassen, Frøydis Stubhaug og Asle Bjorvatn. Musikken er laga av Kjetil Svestad og John Børge Askeland. Den spanske versjonen er m.a. tilgjengeleg på denne lenka på Spotify.
CD’en og «Hermanos-boka» der både notane og den norske versjonen av tekstane står, kan kjøpast frå Normisjon/Acta sin nettbutikk. Pris (juni 2023) er 29,- kroner + porto. Hermanos-boka og notane (utan CD) kan kjøpast på lenka her for 30.- kr + porto
Hermanos-boka fortel òg litt om korleis det er å vere barn på Cuba. For kvar av songane er det òg ein liten andakt. Dette materialet er såleis godt eigna for barn og unge. Det kan gjerne òg brukast som innslag i gudstenesta om ein har temasøndag om Cuba.
Du kan òg finne 11 flotte songer på spansk på Soul Children sin «Que Fluya el Amor» spelt inn i Ecuador i 2014. Den har m.a. vorte brukt til å starte Soul Children-kor i andre spansktalande land. Den kostar 199 kr. og kan lastast ned.
Tekst: Kjell Ove Hatlem