Vipps- og bankkonto-nummer
Bruk vippsnummer 96005 eller kontunummer 1503.02.13537 for å gje di eller kyrkjelyden si gåve. Merk gåva "Prosjektnummer 351002" og eventuelt "kyrkjeoffer", "konsert", "50-årsdag Fornamn Etternamn" eller det som gjeld.
For skattefrådrag, skriv du mobilnummeret ditt i tillegg til prosjektnummeret.
Du kan nytte det elektroniske skjemaet du finn under både til å setje opp ein fast gjevaravtale og til å gje einskildgåver.
Takk for di støtte!
Kva rekk kronene til?
- 100 $ (ca. 1100 kr.) er pastorløn i ein månad. Ti-elleve personar som gir 100 kr. i månaden, finansierer løn til ein pastor eller diakon i venskapskyrkja vår. Grunna den dramatiske utviklinga i valutakurs, inflasjon og kjøpekraft på Cuba dei siste to åra, er venskapskyrkja avhengig av slik hjelp i ein periode framover.
- Noko av pengane vil gå til nye prosjekt som å starte nye barnehagar eller støtte plantinga av ny kyrkjelyd i Havanna.
- IEU jobbar for å finne fleire prosjekt som og kan gje dei framtidige inntekter. Vi vil støtte med noko av det dei treng for å kome i gang.
Bakgrunn og litt historikk
Bispedømerådet gjorde 1. juni 2021 vedtak om å gå inn i eit venskapssamarbeid med den lutherske kyrkja Iglesia Evangelica Unida (IEU) på Cuba, saman med Normisjon som har samarbeidd med denne kyrkja i over 20 år.
I 2022 vart 307.000 kr. motteke gjennom ulike kyrkjeoffer og gåver frå einskildpersonar i bispedømet, inkludert 68.191 kr. som "avskilsgåver Cuba" i samband med avkilsmøta til biskop Halvor Nordhaug. Bispedømet og Normisjon brukte omlag 82.000 kr. av dette til å støtte løner på Cuba og 200.000 kr. til å kjøpe mat, hygieneartiklar og anna til hjelpesendinga som vart send til Cuba våren 2023. Den norske ambassaden i Havanna betalte frakt av containeren.