Det er kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune som har ansvar for forvalting av gravplassar og gravferd jf. Gravplasslova (gl.) § 23. For nokre få kommunar i landet gjeld det at kommunen har dette ansvaret.
Statsforvaltaren si rolle er:
- Godkjenning av nye gravplassar og endringar av eksisterande, jf. § 4
- Godkjenning av lokale vedtekter for gravplassane, jf. 21
- Godkjenning av andre minnesmerke enn gravminne på gravplassane (herunder minnesmerke i namna minnelund), jf. gravplassforskriften § 20 (2)
- Vere klageinstans ved klage på enkeltvedtak, jf. § 24.
- Uttala seg om kommunale planar knytt til gravplassar eller naboskapet til gravplassane, jf. gravplassforskriften § 2 (1).
Om statsforvaltaren si rolle, sjå óg:
- Gravplassforskriften § 6 om byggeløyve og ferdigattest
- Gravplassforskriften § 8 om grunnvatn og drenering
- Gravplassforskriften § 14 om unntak for storleik på urnegrav
- Gravplassforskriften § 15 om unntak for storleik på anonym kiste- og urnegrav
Det er utarbeida ein nettbasert rettleiar for lokal og regional gravplassforvaltning, sjå gravplassveileder.no eller gravplassrettleiar.no.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark vil ha ansvar for dette saksfeltet i heile landet. Der vil også gravplassrådgjevar-tenesta vera lokalisert.
E-post søknadar: sfvtpost@statsforvalteren.no
E-post rådgjeving: asskr@statsforvalteren.no
Telefon rådgjeving: 33 37 10 00 (spør etter gravplassmyndigheten)
Post: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg