Misjon

Misjon – Misjon er å gjere Jesus Kristus nærværande, i handling og ord - lokalt og globalt, og dele det Gud gir oss. Men korleis - og kvifor?

Misjon

Å bli døpt til misjon. Gud har gjeve oss livet og skapt oss til fellesskap med seg. Etter sitt ord og sin lovnad tek Gud imot oss i dåpen og frelser oss frå synd og død. Vi blir sameina med Jesus Kristus til eit nytt liv, og vi blir innlemma i den kristne kyrkja og tar del i Jesu kall og oppdrag. Dette oppdraget er gitt alle i dåpen og blir omtala som Missio Dei – Guds misjon. Guds misjon til verda er ei teneste til forvandling og forsoning. Denne tenesta gjev seg utslag i evangelisering, diakoni og dialog.

Å bli døpt til Kristus. Misjon betyr med andre ord å gjere Jesus Kristus nærverande, i handling og ord - lokalt og globalt, og dele det Gud gir oss. Som ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje står Den norske kyrkja saman med den verdsvide kyrkja i forkynninga av evangeliet om Jesus Kristus og som sendt av Den treeinige Gud for å dele evangeliet i ord og handling.

Misjon i ei religiøst mangfaldig og sekularisert verd
Misjon er eit ansvar for kvar og ein som er døpt. Misjon er òg eit ansvar for den lokale kyrkjelyden og angår heile kyrkjelyden sitt arbeid: gudstenesta, trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk og kultur. Samstundes blir det stadig tydelegare at misjonsoppdraget i vår tid handlar om å dele evangeliet i ei verd prega av religiøst mangfald og sekularisering. Misjon må bygge på kunnskap om og respekt for andre si livstolkning og andelege erfaringar.

SMM – «Samarbeid Menighet og Misjon»
Den norske kyrkja har i samarbeid med sju misjonsorganisasjonar sameina kreftene i «Samarbeid Menighet og Misjon» (SMM). Visjonen til SMM er: «Misjonerande kyrkjelydar der evangeliet frigjer menneske og myndiggjer dei til å dele trua gjennom nærvær, handling og ord, lokalt og globalt.

Dei sju misjonsorganisasjonane som utgjer SMM er: HimalPartner, Den Norske Israelsmisjon, Det Norske Misjonsselskap, Normisjon, Misjonsalliansen, Stefanusalliansen, Areopagos. På heimesida til SMM vil du finne mykje informasjon, inspirasjon, idéar og tips knytt til arbeidet med misjon i kyrkjelyden.

Er du med? Vil du vite meir?
Sjekk ressursane under eller ta kontakt med misjonsrådgjevar Vetle Karlsen Eide for meir informasjon om det Gud gjer i verda i dag.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"