Vi ynskjer at ein moderne pilegrim må oppleva ei kyrkje som lyttar og deler av ein åndeleg rikdom og der Jesus Kristus er nær.
1.KYSTPILEGRIMSLEIA:
Kystpilegrimsleia har som mål å skape eit autentisk nettverk og reiselivsprodukt for moderne pilegrimar, basert på den gamle hovudfartsåra for pilegrimar til Nidaros.
Prosjektet dekkjer eit stort geografisk område og går gjennom fem fylke langs Vestlandskysten; Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag (nord til Trondheim). Det har frå starten blitt lagt vekt på å forankre prosjektet både lokalt og regionalt, og god dialog mellom mange ulike aktørar er viktig.
2.SELJA:
Heilt sidan jubiléet i 1996 har det i Selje kommune vore arbeidd med tanken på eit nasjonalt klostersenter. Med bakgrunn i det storslagne kulturminnet på øya Selja, ønskjer Selje å samle nasjonal klosterhistorie/ klosterdokumentasjon i Selje. Eit nasjonalt klostersenter skal vidare m.a. vere ein formidlings- og opplevingsstad for både høgskule- og universitetsmiljø -- samt for publikum med interesse for kultur og historie.
Selja er både ein sentral kystpilegrims-stad og eit sjølvstendig pilegrimsmål. Dette er bakgrunnen for at Selje tek mål av seg å bli eit regionalt kystpilegrimssenter i kystpilegrimsleia Rogaland --Nidaros. Hovudformålet for eit framtidig Selja kloster- og pilegrimssenter er å ivareta ei god og samordna utvikling av både kulturminnet og reiselivet i kommunen.
3.RØLDAL:
I Kyrkje- og kulturdepartementet si utgreiinga om den nasjonale pilegrimssatsinga «På livets veg, frå 2008 vart Røldal peika på som eit av åtte pilegrimsprosjekt her i landet som det var aktuelt for staten å satse på. Det vert jobba aktivt frå fleire hald med å sikre framdrift i realiseringa av pilegrimssenteret i Røldal som del av den nasjonale satsinga på feltet. Ein vonar at den statlege investeringa i prosjektet vil sikre realisering og drift og positivt påverke både historieforståing, kulturformidling, lokalt næringsliv, kyrkjelydsliv og menneske si livsorientering. Ei tenleg arbeidsdeling kan vere at lokale kyrkjelydar i samarbeid med bispedømet arrangerer lokale vandringar til Røldal, og pilegrimssenteret står for påmelding, informasjon og anna koordinering.
4.SUNNIVALEIA:
Sunnivaleia er den nye pilegrimsleia frå Bergen via Kinn til Selja. Ho er eit kystalternativ til pilegrimsvandringane i innlandet. Dette er ei vandring over sjø og land. Ei pilegrimsvandring langs norskekysten byr på andre opplevingar og utfordringar enn rutene inne i landet.
Pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva vart stifta i 2013. Det er ein medlemsorganisasjon med formål å fremje interesse for og bidra til auka pilegrimsferd langs kysten vår.
5.NASJONALT:
Nasjonalt pilegrimssenter: Nasjonalt pilegrimssenter i Trondheim blei midlertidig etablert i 2010 og er vedtatt permanent fra 1.1.2013.
Statleg satsing: Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet, Kulturdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet fastsette i 2012 ein felles statleg strategi for pilegrimssatsing. Det overordna målet for satsinga er:
«Pilegrimsleden skal gi mulighet for vandring gjennom et landskap som er rikt på natur-, kulturarv- og kulturopplevelser. Den skal tas vare på som en viktig del av den europeiske kulturarven og gi et unikt møte med norsk natur, kulturminner, kultur, tro og mennesker. Strategien skal bidra til verdiskaping og positiv utvikling langs leden gjennom økt bruk av den.»
Pilegrimssatsingen skal innrettes slik at den bidrar til å oppfylle sentrale målsettinger på en rekke samfunnsområder: Miljø. Næring, kirke og kultur.
Om kirke: «Revitalisering av pilegrimsvandringene skal bidra til at kristen tro og tradisjon forblir viktige kilder for menneskers identitet og tilhørighet. Den norske kirke, sammen med Den katolske kirke og andre trossamfunn har en felles motivasjon for å engasjere seg i fornyelse av pilegrimstradisjonen.».
Om kirkelig forankring: "Fornyelsen av pilegrimstradisjonen skal fortsatt ha en tydelig kirkelig forankring og samtidig ha en åpenhet som inkluderer ulike interesser og motivasjoner."
Kyrkerådet har oppretta «Nasjonalt kirkelig pilegrimsutvalg» som skal arbeide nært opp mot det Nasjonale Pilegrimssenteret for å ivareta og vidareutvikle dei kristne pilegrimstradisjonane.
6.PILGRIM OG BARN:
Bjørgvin bispedøme er partner i IKO-prosjektet «Jordvenn med hele skaperverket» (starta opp i august 2014), som har målsettinga:
«Gjennom pilegrimsarbeid ønsker vi å styrke barn og unges mulighet og evne til å bli venn med naturen, glede seg over skaperverket og se at hele verden er skapt, elsket og holdt oppe av Guds skaperglede» For meir info, sjå lenkjer.
Ynskjer du å finne ut meir om det å vere pilegrim i Bjørgvin, ta kontakt med kulturrådgjever!