Til langt opp på 1800-talet valfarta pilegrimar til Røldal stavkyrkje for å oppsøke krusifikset der. Krusifikset var sagt å ha helbredande krefter. Ein meinte at krusifikset sveitta, og det var teke ned slik at tilreisande kunne tørke desse sveittedropane for helbreding. Dette var særleg vanleg på St. Hansaftan. Frå luthersk hald blei sveittedropane forklarde som kondens når det kom varme frå folkemengda i den uoppvarma kyrkja.
I Røldal vert det årleg arrangert pilegrimsstemne om sommaren.