Tilskot frå staten til trusopplæring, diakoni og kyrkjemusikk

Nedanfor er informasjon om tildeling av statleg tilskot til fellesråd i Den norske kyrkja ved Bjørgvin bispedøme, og informasjon om rapportering for bruk av tilskot.

Tildeling av tilskot for 2021

Bjørgvin bispedømeråd vil utbetala tilskot til fellesråda i ein termin fortløpande etter som rapport frå 2020 er levert.

Rekneskapsrapport

Rekneskap for den tildelte summen for 2021 skal innrapporterast til bispedømet så snart som mogleg i 2022, men seinast innan 15. mai 2022. I tillegg skal revisjonsberetninga til fellesrådet sendes bispedømerådet så snart den finnast.

Tidleg rapportering medfører tidleg utbetaling.

Rekneskapen skal rapporterast på fastlagt skjema, sjå rapportskjema på intranett (Excel-skjema med både bokmål og nynorsk versjon i kvar si fane). Du finn også desse skjemaa nedst på denne sida.

For dei fellesråda der ein mottek fleire typar tilskot skal det sendast inn ein rapport for kvar kategori.

  • Diakoni og undervisning: 21/01097
  • Trusopplæring:  21/01096     

Del 1 - Tilskot til stillingar innan diakoni, undervisning og kyrkjemusikk

For 2021 har vi følgjande tak på tilsegnssum:

Diakon: kr. 400.000,-
Diakoniarbeidar: kr 360 000,- (reduksjon på 10 % av tilskot diakon)
Diakoniarbeidar : kr 320 0000 (reduksjon på 20 % av tilskot diakon) 

Kateket: kr 700.000,-     
Kyrkjelydspedagog: kr 630 000,- (reduksjon på 10 % av tilskot kateket)
Kyrkjelydsmedarbeider: kr 560 000,- (reduksjon på 20 % av tilskot kateket)

Full tildeling legg til grunn at det er vigsla diakon eller kateket i stillinga, eller at dei er i eit utdanningsløp for kvalifisering.

Tilskot til kyrkjemusikalsk arbeid ved Bergen domkirke vert vidareført med kr 160.000,-

Del 2 - Tilskot til trusopplæring

Tildeling av øyremerkte midlar til trusopplæring i kyrkjelydar i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. 

Bispedømerådet tildeler fellesråd midlar til gjennomføring av trusopplæring for aldersgruppa 0-18 år i alle kyrkjelydar, innanfor fellesrådsområdet for 2021 i følgje vedlagte oversikt, i tråd med lokale planar.

Heile tilskotet for 2021 blir utbetalt, med eit eventuelt frådrag etter avrekning av unytta midlar frå 2020.

Tilskotet fellesrådet no får tildelt til trusopplæring er basert på tildelingane som blei avtalt for kvar kyrkjelyd/samarbeidande kyrkjelydar i gjennomføringsfasen.

Fellesrådet si forvaltning av midlane

Vi viser til godkjenningsbrev frå biskopen, godkjende lokale planar for trusopplæring i kyrkjelydane innafor fellesrådsområdet, dei oppretta stillingane, tidlegare avtalar og vedtak frå gjennomføringsfasen og Forskrift om økonomiforvaltning i sokn i Den norske kirke av 01.01.2021. Tildelinga blir gitt til kyrkjeleg fellesråd etter § 17 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja.

Målet er gjennomføring av ei systematisk og samanhangande trusopplæring for alle innanfor fellesrådsområdet i alderen 0-18 år, uavhengig av funksjonsevne. Godkjende lokale planar for trusopplæring i fellesrådsområdet skal vere førande for bruken av tilskotet. Planen for trusopplæring, vedteken av Kyrkjemøtet 2009, er ein retningsgjevande plan for trusopplæringsarbeidet i den einskilde kyrkjelyden. Soknerådet er ansvarleg for lokale planar, ref. § 12 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Tilskotet er gitt for å styrkje trusopplæringa for barn og unge, og skal nyttast til personalutgifter, driftsmidlar, inkludert aktivitetsrelaterte utgifter, samt utgifter til kurs,  informasjonsarbeid, opplæring og administrasjon. 

Vilkår for tildeling

Kyrkjeleg fellesråd skal:

  1. Leggje til rette for at det blir utarbeidd lokale planar for trusopplæring for alle døypte mellom 0-18 år i alle kyrkjelydar i fellesrådsområdet, i samsvar med § 12 i kyrkjeordning for Den norske kyrkja.
  2. Finne gode samhandlingsmåtar med sokneråda til beste for gjennomføring av godkjende lokale planar. Dette skal vere i tråd med ansvar og oppgåver slik dei er skildra i kyrkjeordninga.
  3. Sørgje for at personalressursar og midlar til tilskot blir disponerte på ein måte som medverkar til at det blir gitt eit tilbod om trusopplæring i alle kyrkjelydar i tråd med vedtekne lokale planar
  4. som valt organ vedta eit samla budsjett for midlane som kjem som tilskot frå Kyrkjerådet. Budsjettet skal mellom anna fordele midlane på personalkostnadar og midlar til drift. Fellesrådet skal òg vedta kor stor del av midlane til drift som kan disponerast av kvart sokn.
  5. Føre rekneskap for tilskotet til trusopplæring og tilhøyrande utgifter. Rekneskapen må førast på eigen kostnadsstad/prosjekt pr. sokn slik at eigna rapportar kan takast ut. I dei tilfelle der sokneråda fører rekneskapen for driftsmidla, skal desse førast på ein eigen kostnadsstad og soknerådet skal rapportere til fellesrådet på bruken av midlane, slik at fellesrådet kan sende eit totalt oversyn til bispedømerådet over korleis tilskotet er nytta. Til saman skal dette gje oversyn over korleis heile tilskotet til trusopplæring frå bispedømerådet er nytta.
  6. Sørgje for at rapportering av rekneskap og aktivitet blir følgt opp i samsvar med fastsette fristar og rutinar.

Framtidige tilskot til formålet er avhengig av ei vidareføring av tildeling frå departementet.

Rapportering

Rekneskap for den tildelte summen for 2021 skal innrapporterast til bispedømet så snart som mogleg i 2022, men seinast innan 15. mai 2022. I tillegg skal revisjonsberetninga til fellesrådet sendast til bispedømerådet så snart den er tilgjengeleg.

Tidleg rapportering medfører tidleg utbetaling.

Rekneskapen skal rapporterast på fastlagt skjema, sjå rapportskjema på intranett (Excel-skjema med både bokmål og nynorsk versjon i kvar si fane)

Nytt gjerne følgjande arkivreferanse : 21/01096

Rapport for gjennomførte tiltak og vurdering av status for kyrkjelyden si trusopplæring i 2021 skal leverast innan 15. januar 2022 ved hjelp av det digitale planverktøyet for trusopplæring, trosopplaring.kirken.no 

Unytta midlar

Ved underforbruk/vakanse har fellesrådet høve til å omdisponere midlar mellom budsjettpostane. Endringane skal drøftast med dei kyrkjelydane det vedkjem. Større endringar skal berre skje etter avtale med bispedømerådet.

Unytta midlar på inntil fem prosent av totalt tildelt sum til fellesrådet, blir automatisk overført til neste budsjettår. Desse blir plassert i eit bunde fond. Det er ikkje høve til å akkumulere mindreforbruk over fleire år som utgjer meir enn fem prosent av årleg tildeling.

Unytta midlar over fem prosent av total tildelt sum går automatisk til frådrag i neste års løyving og blir forvalta av bispedømerådet til trusopplæring i bispedømet. For tilskotsmottakarar med låg tildeling er grensa 10.000 kr, sjølv om det er meir enn fem prosent av tildelinga.

Fellesrådet skal gje melding til bispedømerådet så raskt som mogleg, og seinast innan 1. mars, dersom det viser seg at dei har unytta midlar utover dette.

Tilgang til kontroll og moglege sanksjonar

Bispedømerådet og/eller Felles økonomieining kan gjennomføre naudsynt kontroll av at dei tildelte midlane blir nytta etter føresetnadene i dette tildelingsbrevet. Dersom det i ettertid viser seg at tilskotet ikkje er nytta til det gitte formålet, kan bispedømerådet krevje deler eller heile summen betalt tilbake.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"