No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.
No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far,
vil sende Sonen sin.
No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.
No tenner vi det fjerde lys
og natta vert til dag.
Vi ventar vi på Frelsaren
for alle folkeslag.
(Salme 19, nynorsk)