Biskop Ingeborg Midttømme

Ingeborg Synøve Midttømme er tredje biskopen i Møre bispedøme. Ho vart vigsla til biskop i Møre i 2008, etter biskopane Ole Nordhaug og Odd Bondevik.

Biskop Ingeborg Midttømme - mobil: 993 21 688

e-post: more.biskop@kyrkja.no

Ingeborg Midttømme er fødd i Oslo 20.11.1961. Ho studerte teologi ved Menighetsfakultetet og tok embetseksamen der i 1986. Si første prestestilling hadde ho som kapellan i Høybråten i Oslo. Etter vel fem år der var ho sokneprest i Sørfold i Sør-Hålogaland i fire år. Frå 1997 var ho kapellan i Hauketo-Prinsdal. I 2003 fekk ho permisjon for å vere leiar i Den norske kyrkja si presteforening. Som leiar i Presteforeininga sat ho i styret til Akademikerne og seinare til UNIO.

Denne stillinga hadde ho til ho 2008 tok over etter Odd Bondevik som biskop i Møre. Ho vart vigsla 21. september 2008 som den tredje biskopen i Møre bispedøme.

Biskop Midttømme har mellom anna styreerfaring frå Det teologiske menighetsfakultet og Diakonhjemmet, og har sidan 2011 site i styret for Kirkens Nødhjelp.

Som biskop tok ho i 2011 initiativ til lanseringa av den nye nynorske bibelomsetjinga på Aasen-tunet; «Bibelen på hjartespråket».

Biskop Midttømme er ein aktiv samfunnsaktør og har stort engasjement knytt til mellom anna flyktningespørsmål og klimautfordringane.