Gjennom tilskotsordninga er det dei fysiske aktivitetane og arrangementa gjennomført i kyrkjene i 2021 ein ønskjer å stimulere. Tilskotsordninga har også som mål å styrkje stabane i kyrkjelydane gjennom støtte til aktivitetar som styrkjer stabsfellesskap og stabsutvikling.
Møre bispedømmeråd ønsker særleg søknader som kan stimulere til aktivitet innanfor desse områda:
- Tiltak for å styrkje gudstenestelivet
- Diakonale satsingar i kyrkjelydane
- Tiltak som styrker kyrkja si trusopplæring, og verksemd blant barn og unge
- Tiltak som styrker oppslutninga om dåp
- Kyrkjemusikalsk verksemd
- Kulturverksemd/markering av 250 års jubileet for Hans Nilsen Hauge i 2021
- Tiltak for å rekruttere, utruste og følge opp frivillige
- Tiltak som styrkjer stabsfellesskap og stabsutvikling
- Retreat for tilsette
Krav til søknad
Søknadar skal fremjast skriftleg på eige søknadsskjema.
Utfylt søknadsskjema skal sendast til more.bdr@kirken.no
Søknadsfrist: Fortløpande
Tildelt støtte skal nyttast i tråd med søknaden. Prosjektrapport skal sendast innan utgangen av 2021, eller seinast 1 månad etter ferdig prosjekt. Kortfatta rapport skal innehalde:
- Kva for prosjekt rapporten gjeld
- Kontaktperson m/ kontaktinformasjon.
- Omtale av kva som blei gjennomført
- Evaluering av resultatet, inkl. omtrentleg tal på deltakarar
- Det økonomiske resultatet for prosjektet
- Vurdering av om prosjektet har gitt erfaringar kyrkjelyden kan ha nytte vidare
Midlane er prosjektmidlar som blir delt ut som eingongstilskot til kyrkjelydane etter søknad. Dette betyr at midlane ikkje skal nyttast som generelt driftstilskot eller kan nyttast til løn eller til finansiering av årvisse arrangement.
Søknader om midlar til materiell/inventar/bygging/innkjøp av teknisk utstyr og digitale satsingar vil ikkje bli prioritert gjennom denne ordninga.
Tildelte midlar som ikkje blir nytta i tråd med søknad, skal i betalast tilbake til Møre bispedømmeråd, med mindre det blir gjortavtale om å nytte dei til andre relevante formål. Ta i tilfelle kontakt med bispedømmekontoret.
Møre bispedømmeråd håper på mange gode søknader!