Berekraftig møte

Statsforvaltar Else May Norderhus var i møte med Møre biskop denne veka.

Statsforvaltar Else-May Norderhus til venstre, saman med biskop Ingeborg Midttømme.

Utgangspunktet for møtet var eit initiativ frå biskopen, om å etablere ein arena for samsnakk rundt tema som sosial berekraft og berekraftsmål.

I tidlegare år hadde biskop og fylkesmann faste formelle møter, noko som var kalla Stiftsdireksjonen. Då stiftsdireksjonen vart avvikla for ei tid tilbake, holdt biskop og fylkesmann fram med halvårlege møter, der ulike tema vart tekne opp. Desse møta tok ein pause under pandemien, men frå i fjor av kom dei i gong att.

- Det er fleire faktorar som gjer at dette møtet var viktig, seier biskopen.

- For det første var det viktig for oss å snakke om sosial berekraft og utfordringane vi står ovanfor. Hos Statsforvaltaren er det positive, offensive og veldig dyktige folk, så der trur og håpar eg at vi kan hente inspirasjon frå kvarandre. Så er det også viktig å få i gong slike formelle møte mellom biskop og Statsforvaltar, då vi er i berøring med mange av dei same tema.

Framme frå venstre på biletet: Helge Mogstad (fagdirektør Statsforvaltaren), Else-May Norderhus (statsforvaltar) og biskop Ingeborg Midttømme. Bake frå venstre på biletet: prost Sindre Stabell Kulø, rådgivar diakoni ved bispedømekontoret, Eline Elnes Rabbevåg og avdelingsleiar personal ved bispedømekontoret, Anne-Marit Hagelund. Med på møtet, men ikkje på bilete: assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste. 

FN sine berekraftsmål ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng.

Den sosiale delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre at alle menneske får eit godt og rettvist grunnlag for eit anstendig liv, med lik tilgang til ressursar og godar, utdanning og jobb. Det handlar også om å sikre at alle har like moglegheiter til god helse og livskvalitet, inkludering, tryggleik og levbarheit.

FNs berekraftsmål gjeld alle land i verda, både rike og fattige. Måla påverkar norsk politikk – både i kommunar og lokalsamfunn og nasjonalt. Statsforvaltaren legg vekt på berekraftig utvikling i alt dei gjer. Du kan lese meir om statsforvaltaren sitt arbeid med berekraftsmåla ved å trykkje på denne lenka.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"