Dei påmeldte møtte opp utanfor kyrkjekontoret for å få ein pose med det som dei trengte for å utføre rebusen.Tilbakemeldinga som femteklassingane ga var at det skulle ha vore fleire postar; det viste seg at dei kosa seg med oppgåvene
Det vart plassert fem postar rundt omkring i bygda, der deltakarane fekk bryne seg på spørsmål frå Bibelhistoria.Dei 5. klassingane som ikkje kunne vere med denne dagen, kunne gå innom kyrkjekontoret og få ein bibel. 5.klassingane som var med på rebusen fekk alle sin eigen Bibel i premie, og dei blei i tillegg med på trekninga av ei hengekøye frå Ticket to the moon.
For å finne fram til postane måtte ungane følgje nokre hint
Her er den heldige vinnaren med hengekøya framfor seg, ilag med vennar