Tilskotsordninga har som formål å stimulere til fornya aktivitet i kyrkjene.
I alt 1,7 mill. er delt ut til tiltak/prosjekt som har skapt arenaer og møtestader. Nokre er heilt nyskapande, andre har gitt økonomisk tryggleik til arrangement i ei tid smittevernreglane har bestemt kor mange som kan samlast.
Lista over tildelingar har stor breidde og har gitt både store og mindre kyrkjelydar moglegheit til å utvikle nye aktivitetar og samlingsformer.
Her kan du sjå alle dei ulike prosjekta og tiltaka som fekk økonomisk støtte i 2021.
«Vekstmiddel-ordninga» er fleksibel og tilskotssummen vil variere. Året då pandemien starta var deler av midlane sett av til å utvikle den digitale kompetansen i sokna. Mange fekk produksjonsstøtte til streaming/programskaping og mange fekk støtte til innkjøp av digitalt utstyr. Kyrkjelydane responderte og søkte på gode prosjekt, den digitale kompetansen hadde bratt læringskurve og talet på digitale produksjonar imponerte!
Ordninga blir vidareført i 2022
Bispedømerådet har gjort vedtak om at det vil bli mogleg å søkje vekstmidlar også i 2022.
Det er enno usikkert kor stort tilskotet kan bli, og tildelingskriteria vil bli justert. Prioriteringar i planverk og satsings- og fokusområda til bispedømmerådet gir retning til kva tiltak /prosjekt som får støtte.
Når justering av tildelingskriteria er klar, vil ordninga bli presentert.