Digital førehandsstemming ved kyrkjevalet

I valet i 2023 blir det for fyrste gong mogeleg med digital førehandsstemming.

Du kan stemme frå mobilen eller PCen i valet til hausten. (Ill. Undraw)

Frå 10. august er det mogeleg å førhandsstemme digitalt. Om du er medlem av kyrkja er bank-ID alt du treng for å stemme. Og ein mobiltelefon, PC eller tablet sjølvsagt.

I Kyrkjerådets budsjettvedtak for 2023 er det bestemt å ikkje sende ut valkort. Kyrkjerådet ønskjer i staden ein godt synleg kyrkjevalskampanje med auka annonsering. Dette skal gje meir synlegheit i fleire kanalar og særleg på digitale flate. Ved digital annonsering kan kyrkjemedlemmane lett klikke vidare frå telefon eller pc, og rett over til kirkevalget.no og digital førhandsstemming eller informasjon om vallokaler. Denne digitale annonseringa vil gå føre seg mellom anna på nettaviser og i sosiale media.

Målet med digital førehandsstemming er mellom anna å gjere det enklare å røyste, og å auke valdeltakinga.

I tillegg til at det blir lettare for veljarane å delta ved valet, og kanskje auke valdeltaking, vil det også forenkle arbeidet med valet lokalt, mellom anna ved at det blir færre stemmesetlar på papir å telje opp.

Systemet sikrar hemmeleg val og blir lagt opp så det blir lett for sokneråda å få tilgang til resultatet av dei digitale stemmene.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"