Fagsamling for kyrkjemusikarar i Langevåg kyrkje torsdag 4.oktober 2018

Bidragsytarar på fagsamlinga blir Sigurd Melvær Øgaard, domkantor i Bergen, og Håvard Sveåas, kantor i Sula. Inspirasjon og påfyll til orgelrepertoaret er hovudmålet for fagsamlinga.

Torsdag 4. oktober inviterer Kyrkjemusikalsk råd i Møre til fagdag for organistar og kantorar i bispedømet.

 Program for fagsamling for kyrkjemusikarar

 10.15           Liturgisk opning i Langevåg kyrkje

10.30           Kaffe/frukt

11.00           Håvard Sveås: «Spenstig sakral» : Ledsagersatsar og liturgisk spel

12.30           Lunsj

13.30           «Musikk i faste» Bente Hjertenæs fra Kirkens Nødhjelp

13.45           Konsertforedrag ved Sigurd Melvær Øgaard

«Amerikansk orgelrepertoar»

14.45           Kaffepause

15.00           Konsertforedrag ved Sigurd Melvær Øgaard

«Amerikansk orgelrepertoar»

                  

Samlinga blir avslutta ca 16.30

 

Pris for fagsamlinga er kr 550 + reiseutgifter.

 

Meld deg på HER. Siste frist for påmelding er måndag 1. oktober.

         

Sigurd Melvær Øgaard, domkantor i Bergen sidan 2015. Øgaard starta  sine orgelstudiarsom tiåring med sin onkel som lærar. I 1996 deltok han på International Summer Academy for organister i Haarlem, Nederland. Frå 1997-2002 tok Øgaard si utdanning innanfor orgel, cembalo og kordireksjon  ved Grieg-akademiet i Bergen. Under utdanninga var han eit semester ved Birmingham Conservatoire i England, samtidig som han arbeida som orgellærer ved St. Mary's Collegiate Church i Warwick. I 2002 flytta Øgaard til USA for å arbeide som organist ved First United Methodist Church, Lubbock, Texas. I løpet tida der fullførte han ein mastergrad og en DMA i korleiing ved Texas Tech University. Fra 2011 - 2015 arbeida han i Houston i Texas, m.a som organist ved Palmer Memorial Episcopal Church og som katedralorganist ved Christ Church Cathedral. Fra 2012 til 2015 var han organist og akkompagnatør for Bach Society Houston, og underviste ved University of Houston. Øgaard har hatt mange konsertar i Europa og USA, og har m.a vore solist ved festspela i Bergen og ved Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival.

 

Håvard Sveås, utdanna kyrkjemusikar med fordjuping i komposisjon/ improvisasjon og biinstrument jazzpiano ved musikkonservatoriet  i Trondheim (NTNU). Sveås arbeider som kantor i Sula, og som freelance musikar/komponist/arrangør. Sveås har dirigert både damekor, mannskor og blandakor - og er for tida dirigent for blandakoret Voxing i Ålesund. Han har m.a. skreve og arrangert musikk for Ålesund symfoniorkester, Operaen i Kristiansund, Bukkene Bruse og ei rekke kor i samband med deira eigne konsertar og samarbeidskonserter med artistar som Peter Jöback, A1, Hanne Boel, Rein Alexander, Jan Eggum, Jan Werner Danielsen og juleturnèen Stille Natt.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"