Høyringsuttalen om ny kyrkjeleg organisering

Møre bispedømeråd har no levert sin høyringsuttale om ny kyrkjeleg organisering. Ei hovudvurdering i høyringsfråsegna er at Møre bispedømmeråd er tvilande til om oppretting av prostifellesråd som det nye navet i kyrkjeleg organisering vil kunne innfri fleire utfordringar enn det skapar. Les heile høyringsfråsegna:

Møre bispedømmeråd meiner at oppretting av eit prostifellesråd vil svekke soknet og føre til sentralisering av oppgåver og leiing til prostifellesrådet.

Ny kyrkjeleg organisering - høyringsfråsegn frå Møre bispedømmeråd

Bispedømerådet meiner at på nokre område vil etablering av prostifellesråd skape meir dynamikk og betre løysingar enn fellesrådsstrukturen. Særleg vil prostifellesrådet bidra til at innføring av ei sams arbeidsgivarlinje kan realiserast.

Bispedømmerådet er likevel skeptisk og tvilande til om det let seg gjere å rasjonalisere og redusere talet på administrative ressursar gjennom å opprette eit nytt forvaltningsnivå. Særleg er dette utfordrande med tanke på at ein ikkje kan leggje ned samhandlingsarbeidet med den einskilde kommune.

Bispedømmerådet trur også at oppretting av eit prostifellesråd vil svekke soknet og føre til sentralisering av oppgåver og leiing til prostifellesrådet. Utfordringar knytt til demokratisk representasjon i prostifellesrådet når det er mange sokn, og ved fleire kommunar, talar også mot etablering av prostifellesråd, meiner rådet.

Bispedømmerådet si vurdering er vidare at prostifellesrådet vil føre til ei svekking av bispedømmet (biskop og bispedømmeråd) sin posisjon.

Ny kyrkjeleg organisering - høyringsfråsegn frå Møre bispedømmeråd

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"