Søk støtte frå bispedømmerådet sine Vekstmidlar
Møre bispedømmeråd har lyst ut 1 million kroner i Vekstmidlar, ei tilskotsordning har som formål å stimulere til fornya aktivitet i kyrkjene i 2021. Hans Nielsen Hauge-jubileet blir spesifikt nemnd som område der bispedømmeråd ønsker søknader som kan stimulere til aktivitet. Les meir om støtteordninga her:
1 million i vekstmidlar til kyrkjelydane i Møre - Møre bispedømeråd - Møre biskop (kirken.no)
«Haugespor – skaparånd, spetakkel og strikkepinnar»
Møre bispedøme samarbeider med Ryfylke Livsgnist som har utvikla framsyninga «Haugespor – skaparånd, spetakkel, og strikkepinnar.» Dette er ei reflekterande og folkeleg framsyning om spora etter Hans N. Hauge, og som blir vist på ein turne i Surnadal, Molde, Langevåg og Volda i perioden 19.-21. juni. Les meir om framsyninga her.
Hauge-helg i Molde domkirke
Molde domkirke i samarbeid med Møre bispedøme arrangerer Hauge-helg 18.-20. juni, med mellom anna seminar, konsert, gudsteneste og framsyninga «Haugespor – skaparånd, spetakkel og strikkepinnar». Til seminaret laurdag 19. juni er tre Hauge-kjennarar med regional tilknyting invitert for å dele kunnskap om Hans Nielsen Hauge: Kjell Magne Bondevik, leiar av nasjonal komité for Hauge-jubileet, Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved NHH i Bergen, Edvard Hoem, forfattar. Seminaret blir leia av biskop Ingeborg Midttømme. Seminaret blir direkte-streama, og vist på bispedømerådet si Facebook-side. Meir informasjon om Hauge-helga i domkyrkja finn du her
Meir informasjon om Hans Nilsen Hauge:
Hauges Minde - ei nasjonal ressursside
Organisasjonen Hauge 2021 har tatt initiativet til ei nasjonal feiring med utvikling av nytt besøkssenter på fødestaden Hauges Minde i Fredrikstad, utstilling, bokutgjeving og fleire jubileumsarrangement. I tillegg er det danna ein nasjonal rådgjevande komité, leia av Kjell Magne Bondevik.