I Møre bispedømme har vi ein lang tradisjon for å feire skaparverkets dag, anten i juni eller på hausten. I fjor blei skaparverkets dag feira som «Havets dag» på andre pinsedag (7. juni) fleire stader i bispedømmet.
- Alle kommunar i Møre bispedømme har kystlinje, og havet speler slik ei viktig rolle i vår lokale kultur og historie. Havet står sentralt i matauke, transport og friluftsliv, og det knyter oss til resten av verda. Vi er sterkt knyta til havet, og når havet er utsett for forureining, forsøpling og global oppvarming, gjer det noko med oss. Vi markerer Havets dag i takksemd for alt havet gir oss, i solidaritet med dei som allereie merker konsekvensane av klimaendringane og som ei påminning om å verne om havet, seier biskop Ingeborg Midttømme.
Alle kyrkjelydar blir oppmoda om å tematisera Havets dag, og ein av stadene dei gjer det, er Hareid. Hareid markerer ‘Havets dag’ på Aarvak-gudstenesta 25. juni – der det og blir fellesgudsteneste med Ulstein kl. 12 denne dag.
I Ulstein markerer dei Havets dag på gudstenesta 4. juni. Også sanningskommisjonen sitt framlegg 1. juni blir markert, blant anna med samiske tekstlesarar og musikalsk innslag. I tillegg blir 4. juni avsett for å markere « Sammen i hele verden» misjonsinnsamling til kyrkjelyden sitt prosjektet.
I Nordre Sunnmøre prosti er det Verdsarvgudsteneste søndag 4. juni på Hausetsetra i Geiranger, der temaet er hav/fjord. Det kan du lese meir om ved å trykke på denne lenka.