Fremst frå venstre: Sylviane J. Denis, prestevikar i Kristiansund og Indre Nordmøre. Gunnhild Barstad Løvold, prestevikar i Spjelkavik. Biskop Ingeborg Midttømme. Heidi Fagersand, prestevikar Midsund. Sophie Moke Meteke, prestevikar i Averøy. Rekke nr. 2 frå venstre: Personalrådgivar Lars Skagestad. Constanze Lindtner, prestevikar i Vartdal. Stine Margrethe Lerheim, prestevikar i Spjelkavik. Personalrådgivar Siv Brudevoll. Kontorleiar Elin Næsje Sætre. Rekke nr. 3 frå venstre: Barbro Elin Godø Thomasen, prestevikar i Geiranger og Norddal. Anne Marit Riste, prostiprest Molde. Domprost Grethe Lystad Johnsen. Gunnhild R. Bremer, sokneprest Valderøy. Inger Marie Lillevik, prestevikar i Vågsøy og Myrbostad. Personalsjef Anne-Marit Hagelund. Rekke nr. 4 frå venstre: Ann Kristin Langeland, sokneprest i Sunnylven og Stordal. Anne-Helen Roaldsnes, sokneprest Ellingsøy og Borgund. Geir Sakseid, prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti/Ålesund og Voldsdalen sokn. Hallvard Nordstrand, sokneprest Vigra og Giske. Anton Heggvik, prestevikar i Vanylven. Stig Kjenstad, sokneprest i Grytten.
Det har nyleg vore introduksjonsdag for dei som er nytilsette prestar i Møre bispedømme siste året. Prestane har ulik fartstid i kyrkja, men er likevel nytilsett/fast tilsett her i Møre og fleire har nye roller.
Introduksjonsdagen er ein del av introduksjonsprogrammet for nytilsette i Den norske kyrkja, som er utarbeidd av Bispemøtet. Ein introduksjonsdag i bispedømmet skal bidra til å gjere starten på prestetenesta til ei god oppleving og styrke motivasjonen for vidare teneste. Dagen blei gjennomført på bispedømmekontoret i Molde.