Kjempar for å overleva

Stefanusalliansen inviterer kyrkjelydane til å markera «Søndag for dei forfylgde» ein søndag i november.

Kjempar for å overleva

Tema dette året er: «Der små kristne samfunn kjempar for å overleve». I Tyrkia og Irak har det vore kristne til stades heilt sidan aposteltida. Desse kyrkjene er ikkje grunnlagde av vestlege misjonærar. No kjempar desse historiske kristne samfunna for å overleva, og me kan visa dei solidaritet og handling.

I år er det 14. november som er den internasjonale «Søndag for dei forfylgde». Dette er ein økumenisk dag der truande frå mange kyrkjesamfunn går i lag for å visa samhald. Marker gjerne denne dagen i gudstenesta, men om det passar betre med ein annan dag, går det heilt fint, skriv Stefanusalliansen i ei pressemelding.  

På heimesidene til Stefanusalliansen finn du mange gode ressursar. Sjå lenka nedanfor. Her finst mellom anna liturgiske element, bøner, preiketips, salmeforslag, idear for familiegudsteneste og artiklar med bakgrunnsstoff.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"