Kyrkje i koronatid

Vi har akkurat heva blikket! Vi har så smått våga å sjå litt framover! Dei siste vekene har vi kjent kor godt det har vore å kome saman til gudstenester i kyrkja, vi har invitert til samlingar for barn og unge, vi har sett lysare på samlingane i påska og vidare framover. Vi har hatt gudstenester med 100 til stades, vi har hatt diakonvigsling og presteordinasjon og vi har fått syngje i lag, med god avstand til kvarandre. Mange har lagt 100-talet til grunn i planlegging av påska sine gudstenester, vi har sett for oss ein fysisk kyrkjelyd, og vi har sett fram til påskefeiring med glede, håp og fellesskap.

Vigra kyrkje

Dette skriv biskop Ingeborg Midttømme i eit brev til kyrkjeleg tilsette denne veka. Vidare seier ho at når det no er eitt år sidan koronapandemien førte til nedstenging av samfunnet vårt, kjenner vi som har arbeidet vårt i kyrkja godt korleis pandemien har prega oss. Komande sundag blir alle kyrkjesamfunn utfordra til å stå saman i bøn, mellom anna med desse orda:

Gud, vår skapar, frelsar og livgjevar.

Vi ber for ei verd råka av pandemi. Vi ber for alle sjuke og alle som på ulike måtar er råka. Takk for dei framstega som er gjort i kampen mot sjukdomen. Gi styrke til dei som dagleg står i fyrstelinja i kampen mot pandemien, og hjelp dei å halde ut.  Vi ber for dei som tek ansvar og leiing i samfunnet; hjelp oss å sikre ei rask, trygg og rettvis fordeling av vaksiner i verda. Hjelp oss alle med å spreie lys, håp og rettferd i denne tida. Amen.

 Biskopen er stolt og takksam over alle gode medarbeidarar, både tilsette og frivillige, som no gjer ein formidabel jobb på mange område. Ho er sikker på at vi saman skal greie å møte nye utfordringar også, dersom ny nedstenging blir realisert, slik Statsministeren varsla denne veka.  Ho oppmodar lokalkyrkja til å legga planar ut frå situasjonen på kvar stad, anten det er fysiske gudstenester med få til stades eller digitale produksjonar.  Ho minner også om at uterommet gir betre høve til fysiske samlingar. Sjølv om reglane skulle bli strengare, kan 50 kome saman utandørs. «I år er året for korsvandringar, for å syngje påskesalmane på kyrkjegarden, for å lage utandørs-samlingar med konfirmantar og andre grupper, slik at breidde og mangfald i kyrkja sin bodskap blir formidla», skriv biskopen i brevet.

Framfor alt minner biskopen om at kyrkja er meir enn arrangement og samlingar, men menneske som kjem saman i sams tilbeding, menneske som deler ord og sakrament. Kyrkja si oppgåve er å skape arenaer der vi kan dele trua med kvarandre. Sjølv med den ramma som pandemien teiknar for fellesskapa våre, skal også påska 2021 forkynne håp og oppstode til folket vårt!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"